Folk Flest - 16 juni 2023 - Florø

folkflestHimmel og Hav festivalen i Florø 2023:  

«Folk Flest» spelar country og irsk inspirert musikk som blir framført på dei «rette instrumenta» for denne typen musikk: fele, banjo, mandolin, ståbass, steel-gitar, gitarar, trommer og sjølvsagt fleirstemt song.
Med sogn si eiga sangstjerne Einar Bolstad i «spissen» (m.a kjend for Sogn og Fjordane-sangen og Julesong- turneane), kan ein garantere både gåsehud, rockefot og høg allsangfaktor, meiner arrangørane.
Publikum får høyre både kjende og meir ukjende perler frå ulike tidepokar og sjangrar innan country og irsk musikk, ispedd norske perler. Sangane er henta frå artistar som m.a. The Dubliners, The Waterboys, Steve Earle, Johnny Cash, Dolly Parton, Staut, Hellbillies, irske trad.låtar og Avicii.
Bandet hadde «premiere» våren 2016. Sidan då har bandet spela for stappfulle kulturhus, på festivalar og andre arrangement, og fått strålande tilbakemeldingar-
«Folk Flest» består av Einar Bolstad på sang, ak.gitar, piano, Renate Skophamar på sang, Mathilde Skjæret på fele og sang,Tor Magne Kvamsdal på mandolin, steel-gitar og el-gitar, Lars Berge Pedersen på banjo, el. gitar, ak,gitar, Jan Frode Hellebø på bass og Arve Lomheim på trommer.
 Fredag 16 juni 2023 kl: 21.30, Haavebua, Quality Hotel Florø

Døren åpnes kl 21:30, Aldersgrense 18 år

Mer info om bandet se: Artikkel