2007 Lukas Kasha

Lukas Kasha

07-Kommer-LukasKasha
Torsdag, 14. juni 2006

Hovudattraksjonen same kveld blir likevel Oslo-bandet Lukas Kasha. Bandet har svirra i rockens undergrunn lenge, og har blitt spådd ei lys framtid. 29. januar platedebuterte dei med eit solid rockealbum tufta på ein miks av tradisjonsrik og moderne indierock, kombinert med the new wave of the new wave. Plata "Animated People`s Republic" har fått svært gode kritikkar og er spekka med solide låtar. Den glitrande singelen "Love Abuse" er langt i frå
noko einsamt høgdepunkt. Av andre låtar som festar seg umiddelbart, kan vi nemne den tøffe "Escape", den ultra-dansbare "People Roam The Streets" og den meir klassiske rockeren "Highway Train". Bandet har rykte på seg for å vere eit energisk og overbevisande live-band! Bandet består av: Andreas Prestmo - vokal/gitar, Kristian Pålshaugen - gitar, Jon Karlsen - bass, Eyvind Brox - synth/vocal, Eivind Henjum - synthbass og Sven Andréen - trommer/vokal.

Sjå også www.lukaskasha.com