2007 Jentene tar makta

Jentene tek makta i Florø Rockeklubb 

07-FP-Jentene-tar-makta

«Det er i alle fall ikkje noka ulempe å vere kvinne» Janne Linn Myren, ny leiar i Florø Rockeklubb

Jentene tek makta i Florø Rockeklubb
FLORØ: Janne Linn Myren overtok onsdag leiarvervet i Florø Rockeklubb etter Tor Hjalte. Med Charlotte Nygård som NK og Line Sundal som økonomisjef er det kvinnene som no rockar i Florø.

Firdaposten, Lørdag 10. februar 2007 av Dag Frøyen

Under styremøtet i Florø Rockeklubb onsdag trekte Tor Hjalte seg som leiar etter 8 år på topp. Janne Linn Myren, som er kjent som vokalist i «husbanda» Kasteròsa og i Pegasus, tek over som ny leiar. Dei vi har snakka med i miljøet er også veldig glade for at ho tok på seg vervet, noko som tyder på at det er ein person med breitillit som no går i bresjen.Jentetrio
Charlotte Nygård har blitt ny nestleiar, og det skal nemnast at det akkurat var denne duoen som fronta Rockegallaen i Flora Samfunnshus fredag der økonomien i klubben kom i hus. Line Sundalheld fram som økonomiansvarleg, og dermed har vi trejenter som det rockar mest av i det til no mannsdominerte rockemijøet i Florø.
Kva skal du jobbe for som leiar i Florø Rockeklubb?
Det blir å jobbe for eit variert livemusikk-tilbod i Florø. Det går ein hårfin balansegang mellom suksess og fiasko, så det er viktig med innspel frå publikum for å vere tryggare på kva vi hoppar på. Målet er å få fleire unge tent på livemusikk, samt at vi skal levere varene til det faste publikummet.Dristigare?
Blir rockeklubben dristigare i val av artistar med deg som leiar?
No er ikkje vi akkurat i posisjon til å vere dristige, men på sikt vil vi hanke inn dei «hotte» namna. Det er ikkje tvil om at det er ei stor økonomisk utfordring å satse høgt, og vi er aturleg
avgrensa då vi ikkje har eit stort studentmiljø. Men det er klart at vi ønsker å gjennomføre ein storkonsert igjen. I klubben jobbar vi mot konsertar der budsjettramma er vaksen. «Cash is
king» i dette gamet, og vi treng pengar på bok for å vere tøffe, men det skal vi bli, lovar ho.
No er det ein jentetrio som styrer klubben. Er det ein fordel i denne bransjen?
Det er i alle fall ikkje noka ulempe å vere jenter. Vi har gått i lære nokre år og vil alltid vere avhengige av samarbeid med dei som har trakka opp stiane i klubben uansett.
I tillegg treng vi andre som ønskjer å engasjere seg for å skape eit betre livemusikkmiljø
i Florø. No kjenner vi oss klare til å ta på oss større oppgåver. Om det vil bli ein suksess, vil tida vise, men vi gler oss, avsluttar ho.
Janne Linn Myren

■ Janne Linn Myren (31) Sambuar med banksjef og trommis Trond Teigene. Dei bur på Plassen aust på Solheim i Florø og har sonen Henrik (2).
■ Ho er intensivsjukepleiar ved Førde Sentralsjukehus,
■ Har sete i styret i rockeklubben i fem år og er vokalist i banda Kasterósa Soul og Jazz og Kvintett og Pegasus. Ho syng med Eirik Molnes Husabø og Florø Storband og ulike andre lokale prosjekt.Fem beste konsertar
1: Sting, Oslo Spektrum
2: Steely Dan, Oslo Spektrum
3: Angelique Kidjo, Balejazz
4: Manu Dibango, Maijazz Stavanger
5: Brass Brothers, Flora SamfunnshusFem beste Florø-konsertar
1: DeLillos
2: Thomas Dybdal/Vibeke Saugestad
3: Funkaholic
4: Soulslaves/Turbostipend
5: Morten AbelFem beste album
1: The Police, «Syncronicity»,
2: Steely Dan, «Royal Scam»
3: Marillion, «Clutching at straws»
4: Eva Cassidy, «Songbird»
5: Beedy Belle, «Cewbeagapic»Fem beste artistar:
1: Prince
2: Sting
3: Steely Dan
4: Eirik Molnes Husabø
5: Eva CassidyFem beste låtar
1: «Putting out fire (With gazoline)», David Bowie
2: «Morning Papers», Prince
3: «Did you forget», Eirik Molnes Husabø
4: «Wonderful World», Louis Armstrong
5: «Beat it», Michael Jackson