2007 Gullrekka spilte på dugnad

07-FP-Gullrekka

GULLREKKA: Dei lokale heltane samla på eit breitt. Eirik Molnes Husabø t.h stemte i «Rett som ørnen stiger» til latter i salen. Foto: Dag Frøyen
FLORØ: Det er tydeleg at Rockeklubben har støtte blant dei lokale musikarane. Dei ville alle vere med på dugnad for å trekke klubben opp av det økonomiske uføret, og resultatet var ei musikkoppleving av dei sjeldne.
Firdaposten, Tirsdag, 6. Februar, 2007 av Dag Frøyen

Å vere med på dugnad er ein ting, men for oss i salen vart dette ei konsertoppleving av dei sjeldne. Lydmann Trond Øyre og Finn Åge Korneliussen leverte ifølgje leiar i Rockeklubben «all time high» når det gjeld lyd, og med tanke på at det var mange og ulike artistar på scena, gjekk arrangementet knirkefritt.

 

Lyd i sentrum
Som konferansier Knut Hjermann påpeikte så var det litt uvant setting å høyre arrangement frå Rockeklubben i eit kulturhus. Men lydopplevinga var desto betre, dessutan slapp dei som sat i salen å risikere å bli bedne opp til dans.Breidda og variasjonen på det som var på plakaten var dessutan imponerande. Den store stemma var representert ved Ann Kristin Takle Winterthun som starta konserten.

Blues-gåve
Blues er ein sjanger som ligg djupt forankra i ryggmargen til klubben, og den vart representert av eikefjordgitarist Steinar Karlsen. Han hadde til alt overmål skrive ein eigen låt til arrangementet. Kasterósa Soul og Jazzkvintett tok deretter over roret, og det var ei nyting for øyra. Den musikalske multikunstnaren Eirik Molnes Husabø spelte nokre av sine komposisjonar og viste kvifor han er eitt heitt namn for tida.

Nye generasjonar
Elektronika-artisten Tove Nilsen alias «Stuilui» representerte ein ny musikksjanger, medan dei nye generasjonane vart representerte av artisten Håvard Lothe og Marte Helleseter med nokre nydelege balladar. Til slutt fekk sveltefora rockarar i salen ein bugnande buffet då Terje Kjørlaug, Eilif Vaardal, Rune Knapstad og Arild Solheim sleppte hammaren i finalen.

Da capo?
Artistane fekk ståande applaus, og festen skulle halde fram i Kinnkjellaren.Tor Hjalte i Rockeklubben hadde berre så vidt fått takka artistane og støttespelarane for dugnaden, før samtalane gjekk på korleis ein kunne få til noko slikt igjen. For av alle arrangement i Samfunnshuset, så var dette ei oppleving av «eg var der»-slaget.