2008 - Funkaholic

Funkaholic m/Terje Kjørlaug

08-Kommer-Funkaholic

Haavebua Lørdag, 15. mars
Kjørlaug leikar jukebox. Når Funkaholic og Terje Kjørlaug spelar på Haavebua 15. mars, kan du sjølv stemme fram dine favorittar på låtlista.

15. mars har Florø Rockeklubb og revygjengen tromma til rockefest på Haavebua, der Funkaholic med blant andre Terje Kjørlaug i besetninga, skal stå for musikken. Og arrangørane har gjort ein spesiell vri på festkvelden.

Bandet har sett saman ei liste beståande av ti klassiske rockelåtar, der ein finn artistar som t.d. Elvis Presley, Stevie Wonder og Led Zeppelin. Vi har alliert oss med firdaposten.no, der alle låtane ligg ute i ei avstemming. Ved å stemme fram dine favorittar, er sjansen stor for at du får høyre nettopp desse om du kjem på
Haavebua 15. mars, seier rockeklubbleiar Per Vidar Ottesen.

Dei fem låtane som får flest stemmer i Firdaposten si avrøysting, vil bli øvd inn, finpussa og framført frå scena denne kvelden.

Avstemningslista ligger på www.firdaposten.no
SVEND ARNE VEE. Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.