2007 Rockeklubben på Opptur

Rockeklubben på Opptur

08-FP-Rockeklubben-opptur
FLORØ: Dei låg skadeskotne etter Ravi, men det siste året har dei bygd seg opp til sunn økonomi med over 100 000 på bok. No skal dei bli meir vågale.

I MEDVIND: Det siste året har Rockeklubben stabla økonomien på beina. Og no gler dei seg til ein kjempefestival i sommar og vågale prosjekt utover hausten. Per Vidar Ottesen, Geir Høyvik og Line Sundal i styret framfor «heimebana» Haavebua.
Firdaposten, Tysdag 21. mai 2008
av Dag Frøyen

Det er lenge sidan Florø Rockeklubb har gått inn mot musikkfestivalen sin med så god økonomi som i år. For det er under festivalen dei tradisjonelt sett har henta heim inntektene sine til arrangementa resten av året.

Men sikre og populære arrangement, toppa av to fulle Raggle Taggle-hus i april, gjer at økonomisjef Line Sundal er i godt humør for tida.

Då dei ikkje har hatt mogelegheit til å forsvare dei massive satsingane på dei største banda, har dei det siste året jobba endå hardare for å finne dei riktige banda til årets festival. Og namna dei har sikra seg er dei veldig stolte av. Vår arena er Haavebua, og der kan vi ikkje forsvare dei største banda av ulike årsaker. For det første har vi eit tak på kring

400 personar. For det andre kjem dei store banda med ein scenerigg som ikkje passar på intime Haavebua. Dessutan er prisen ofte større enn det vi kan forvente å få igjen, seier Per

Vidar Ottesen.
Arbeidet med banda i år har vore grundig med nye spennande band dei er sikre på at publikum vil sette pris på. Dei har teke vare på den irske tradisjonen med Trampolines, som er ein trio av Tramps. Dei har ein kjent helt i Ole Staveteig og fleire nye kometar i Tracee Meyn, Howl, Superfamily, Trampolines, og ein shantygjeng i Storm Weather Shanty som skal lette taket saman med Ila Auto og sørge for høg partyfaktor, som rockeklubben er kjent for å prioritere. I vår har dei også investert i ein del nytt utstyr dei skal bruke under gratiskonsertane i Florø sentrum i festivalhelga. Og til hausten vil dei ha musklar til å hente det dei vil. Vi er vakne og på jakt etter nye, store og framfor alt spennande artistar, noko vi har vore i 15 år. Og eg kan love vi skal rocke i femten til, avsluttar Per Vidar Ottesen med eit breitt glis.