2007 Rockeklubben er frikemeldt

Friskmeld rockeklubb

08-FP-Rockeklubben-friskemeldtOttesen lovar mykje rockn roll i 2008
FLORØ: Nyvald leiar av Florø Rockeklubb, PerVidar Ottesen, får ikkje fritidsproblem fram til sommaren.

IKKJE SAMARBEID: Per Vidar Ottesen og Florø rockeklubb har mange samarbeidsprosjekt på gang. Men noko samarbeid med White Lion-arrangør Hugo Hellesen, blir det ikkje. Vi har forpliktelsar overfor Quality og Haavebua denne
helga, seier Ottesen.
Firdaposten, Torsdag 21. februar 2008
av Svend Arne Vee Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Etter nokre kritiske år, er økonomien i Florø Rockeklubb no sunn.
Dermed kan Janne Linn Myren ta ein velfortent pause som leiar, og ho har overlate roret til ein tidlegare leiar, nemleg Per Vidar Ottesen.
Vi har store planar fram til sommaren, seier Ottesen, som allereie 15. mars lovar klassisk rocketrøkk på Haavebua. Til ære for revyen
Denne laurdagen er siste speledag for Florarevyen, og rockeklubben slår seg saman med revygjengen og byr til ope hus på Haavebua og konsert med Funkaholic/Hayseed, med Florøs eigen Terje Kjørlaug i spissen.
Vi håpar revypublikummet blir med på Haavebua og feirar revygjengen med ein solid rockekveld, seier Ottesen. Rockeklubben har også planar for Florevika Båtmesse, første helga i mai. Då har klubben hyra inn maritim folkemusikk. Det irske bandet Raggle Taggle Gypsies skal spele på Haavebua både fredag og laurdag, samt ein utekonsert på dagtid laurdag. Open laurdag
For tida jobbar den nyvalde leiaren med å boke band til Florø musikkfestival i juni. Fredag blir folkrockdagen gjeninnført, og Ottesen er i forhandlingar med The Tramps.
Frå før av er countryrockarane Ila Auto klare for Florø fredagskvelden.
Bandet har blitt ein livefavoritt og er eit av trekkplastera under årets countrytreff på Breim. Kva som blir hovudnamn på laurdagskvelden, er førebels ikkje klart.
Vi skal også vere medarrangør under FotballFlora i juli.
Det manglar med andre ord ikkje på prosjekt framover, seier Ottesen.Nei til Hellesen
Men Florø Rockeklubb blir ikkje med på arrangørsida når Hugo Hellesen hentar amerikanske White Lion til Florø under Kystfestivalen. Dermed har ein to store musikkarrangement same helga, der det truleg blir tøff konkurranse om publikum mellom Haavebua og Florahallen.
Den einaste ledige datoen kolliderte med Rockeklubben si festivalhelg, og Hellesen ønskte eit samarbeid med rockeklubben.