2010 Karl Seglem

 

Karl Seglem

10-Kommer-Seglem
Haavebua: Torsdag, 4. november, 2010 kl. 21:00

Tekst og Foto: FP. v/ Svend Arne Vee
Torsdag 4. november kjem ein av Norges mest kritikarroste eksportartiklar til Florø. Med fullt band i ryggen byr Karl Seglem på smakebitar frå ein 20 år lang karriere, inkludert den heilt ferske utgjevinga «Ossicles».

Han blir ofte nemnt i same åndedrag som Jan Garbarek, Mari Boine og Nils Petter Molvær. Men når saksfonisten og årdølen Karl Seglem legg ned saksfonen og hentar fram bukkehornet, framstår han ofte som endå meir spennande og grensesprengjande enn dei nemnde kollegaene. Dei siste åra har den eine plata avløyst den andre, og til stadig større applaus - ikkje minst på kontinentet, der Seglem har sitt aller største publikum.

17. oktober startar han turneen, som tel sju norske spelestadar før han set kursen mot Tyskland, der det skal gjennomførast åtte konsertar. Det heile blir avslutta i Oslo 14. desember.

Det er Førdefestivalen, Florø 150 og Florø Rockeklubb som samarbeider om å få Seglem til Florø og Haavebua, og til bua kjem Seglem med fullt band. På perkusjon finn ein Harald Skullerud, Olav Torget spelar gitar, Stefan Bergman bass, og som vanleg er Seglem sin mangeårige felevirtous og sambygding Håkon Høgemo med på laget.

Den nye plata «Ossicles» har fått svært gode skussmål både her heime og ute blant musikkmeldarane. Fleire peikar på at Seglem stadig sprengjer grenser i det musikalske klanguniverset han har bygt opp, og at musikken også blir meir og meir visuell. Dagbladet har trilla til terningkast seks, og fleire omtalar allereie «Ossicles» som ein moderne norsk klassikar.