2003 Musikkfestivalen

Stor bredde i årets musikkfestival

FP-Festival-2003
Humor, musikk og lyrikk på opningsdagen, tradisjonsrik irsk musikk på fredag og ein avslutningsdag via til den yngre garde, er ideen til årets festivalprogram frå Florø Rockeklubb.

Vibeke Saugstad er klar for Florø. Ho er ein av norsk rock sine lovande figurar og er ute med ny plate.

Torsdag 19. juni vert det show med Arne Hjeltnes, Jørn Hoel, Steinar Albrigtsen og Sjur Hjeltnes på Samfunnshuset, i tillegg til Frode Alnæs Band med konsert på Haavebua. Fredag den 20. vert det irsk musikk på Haavebua med The Greenland Whalefishers og The Woods Band. Laurdag 21. er det klart for konsert med Thomas Dybdahl og Vibeke Saugestad på Haavebua.

Breidda skulle absolutt vere til stades ved årets festival. Noko for einkvar smak., seier Tor Hjalte, leiar for Florø Rockeklubb.

Den eine dagen blir heilirsk med norske The Greenland Whalefishers som oppvarming og deretter The Woods Band frå Dublin. Bandet består av seks særdeles rutinerte musikarar.

Frontmannen Terry Woods er etter kvart ein legende i det irske musikkmiljøet. Han har vore med The Dubliners og The Pouges ved ulike høve, og dette skulle definitivt vere eit kvalitetsstempel på kva vi har i vente, seier Hjalte.

.Med andre ord ein festkveld i tradisjonell irsk ånd. Siste kveld er via til nyare norsk musikk. Thomas Dybdahl er rekna som det nye store norske håpet innan den litt melankolske sida av popmusikken. Til slutt, men ikkje minst, ei skikkeleg rockedame. Vibeke Saugestad, tidlegare vokalist i bandet Weld, kjem med sitt nye band.