2003 Hayseed

Råtøft av Hayseed

220203_Hayseed

Florø: Terje Kjørlaug og Bandet Hayseed varta opp med rock av beste merke på Haavebua laurdag.

EENERGISK: "With strings upsidedown for a lefthanded genius" Terje Kjørlaug og bandet Hayseed var i hundre på Haavebua laurdag. (Foto: Dag Frøyen)
Hayseed er eit band som framleis ikkje har platekontrakt. Dei ligg i vasskorpa og vakar, og etter konserten laurdag å dømme bør kvartetten signerast med det første. Sjølv om det er mange om beinet i denne sjangeren, har Hayseed utvilsomt eigenart. Det Terje Kjørlaug sine seks strengar skaper er så tøft at du blir heilt fanga. Sjølv om han kunne ha halde publikum i Florø fanga ein time med gitarsoloar, tok han ikkje av. Uttrykket var balansert og tett, og vokalist Morten Fredheim har ei stemme og ei utstråling vi sjeldan har opplevd frå ei scene i Florø. Og ja, sceneshowet speler ei stor rolle. Og laurdag vart vi rivne med.

Eige best
Det var dessutan dei eigenproduserte låtane som gjorde størst inntrykk. Nokre av låtane til Hayseed minner ein del om det livebandet framfor nokon i Bergen, "Yee ha wanna have a Baba", gjorde midt på 90-talet. Berre noko meir rocka, og med større gitarressursar.

Sjølv om Hayseed leverer varene, så var det skuffande at berre 130 hadde funne vegen til Haavebua denne laurdagen. Det kunne verke meir ettersom alle var pakka kring bandet på scena. Det betyr at Rockeklubben går i tap. Vi måtte hatt kring 160 betalande for å gå i null, så det vart raude tal, måtte formann i rockeklubben, Tor Hjalte, vedgå.

Satsar
Sjølv om dei fire i Hayseed speler mykje, klarar dei ikkje å leve av musikken åleine. Dei er likevel budde om kontrakten skulle komme flytande.
Vi har alle jobbar utanom for å ha til salt i maten, men vi er budde på å satse for fullt om høvet skulle melde seg, seier bassist Endre Hallre. Å endre profil for å tekkast plateselskapa gjer dei likevel ikkje. Vi bygger stein for stein og blir signa på nytt om vi gjer gode jobbar, fortel Kjørlaug som syntes det var artig å spele i Florø igjen.
Det var jævlig kjekt, men litt spesielt. Eg blir litt smånervøs når eg skal spele heime når eg kjenner så mange i publikum, seier han, godt nøgd av jobben. Vi gjekk i alle fall frå Haavebua med ei kjensle av at beinmargen hadde fått etterlengta massasje. Ein rus eg trygt kan anbefale dei som køyrer bil.

Dag Frøyen 57 75 73 16 (Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.)
Firdaposten/Lokal kultur 24.02.03