2016 Flora Blest

HÅVARD ØYREHAGEN
Øyrehagen er Håvard Øyrehagen sitt soloprosjekt. Det er framleis norsk vokal og sogning klinger ganske fint saman med popharmoniane og dei fine melodiane til Øyrehagen. Tekstane er sterkt vektlagt i Øyrehagen og på morsmålet er det enklare å skrive gode tekstar og få uttrykke seg slik som ein vil. I vinter var bandet i Ocean Sound Recordings og spelte inn tre songar som vert gitt ut i desse dagar. Håvard Øyrehagen er Håvard Øyrehagen – vokal/gitar, Per Christian Grov - gitar, Håkon Sverdvik – tangentar/vokal, Jan-Tore Brunstad - Bass, Andreas Høifødt - trommer.

MARTINE HÅLAND
Martine Håland er ei 19 år gammal jente frå Dale i Sunnfjord. Heilt sidan ho byrja å spele piano som åtteåring, har musikken vore hennar utrykksform. Ho er oppteken av å skape musikk som er ekte, og baserer difor songane sine på kjensler som folk flest vil kunne kjenne seg att i. På denne måten oppnår ho det som er sjølve meininga med musikken min, nemleg å vekke kjensler hos andre og ikkje minst bli trudd på. Martine opptrer åleine med piano.

LINE DYBEDAL
Line Dybedal er frå Selje, og var tidlegare medlem av The Pink Robots. Ho har no etablert seg som soloartist og slapp sitt debutalbum tidleg 2016, der fire av låtane har vore lista på NRK P1 og NRK P3. Dagens Næringsliv omtalar musikken som "storslått elektropop på dialekt", og Atle Bredal i NRK P1 gav albumet terningkast 6.

OM BLEST
Blest arrangerast av Brak som er eit kompetansesenter for musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. På formiddagen er det også ein seminardel med deltakarar og kursholdarar frå festivalar og musikkbransje frå heile regionen. Les meir og meld deg på http://www.blestfestival.no/ - gratis påmelding som inkluderar konsert.