2003 Johndoe

Trøbbelrockarane gav alt på Haavebua

111003-Johndoe

FLORØ: Johndoe gav alt på Haavebua laurdag, og publikum fekk oppleve rastlaus og svett rock'n'roll. At publikum svikta la ingen dempar på innsatsen.

STERK INNSATS: Johndoe gav bånn gass på Haavbua. (Foto: Linda Regina Bruvik)

Gutane er kjempebra live, og leverer eit eintimes sveitt, energisk og småpunka sceneshow med ekte, rein, rå og fengjande rock'n'roll.
Med songar som 24 timer, "Gi gass" og "Rastløs rock'n'roll" frå debutskiva leverer dei det publikum vil ha og meir til.
Johndoe har allereie opparbeidd seg ein solid fanskare etter å ha turnert Norge rundt og delteke på fleire sommarfestivalar, i tillegg til at dei etter å ha sleppt debutskiva si, Ja takk til trøbbel, er musikkritikarane sine nye yndlingar. Men størstedelen av florøværingane har tydelegvis ikkje høyrt om trøbbelrockarane frå Trondheim, og berre 90 kjøpte billett på Haavebua laurdag. Sjølv om det var tynt med folk framfor scena, så var det ein del ihuga fans til stade, som kunne alle tekstane og som gav bandet på scena meir energi gjennom å synge og rocke med.

Firdaposten. 11.10.2003 Linda Regina Bruvik
Sjå deira heimeside www.johndoe.no