2003 Raggle Taggle

Raggle Taggle-tornado

071103-Ragle-Tagle
Haavebua, Lørdag 7. November.

FLORØ: Fredag entra dei irske "sigøynarane" musikkscena i Florø for 6. gong. Med eit energisk sceneshow og ein tornado av festlåtar tok dei publikummet på Haavebua med storm.

Med kjende låtar som "Whiskey in the jar" og "Raggle Taggle Gypsies" og fleire virvelvindar av nokre reelar og jig'ar leverte irane varene. Dansegolvet var fullt frå start til stopp, og dansande, smilande florøværingar koste seg stort saman med musikarane Kevin O'Connor (fiolin), Brendan Omeihh (vokal, gitar, irsk tromme), Paul Mc Keown, Hernan Podesta og Marcelo Baran.

071103-Ragle-Tagle

Kjell Tore Larsen frå Florø var overlukkeleg då han fekk vere med Raggle Taggle på scena og spele saman med dei. Og instrument fekk han låne på kjøkkenet: spiseskeier. Larsen er ein kløppar til å spele med skeier, og etter ein liten oppvarmingsrunde brygga det opp til ein regelrett musikktornado då han og felespelar Kevin O'Connor kappspelte i eit tempo få kunne halde følgje med.

071103-Ragle-Tagle

Høgdepunktet under fredagens konsert kom likevel då rockeklubbsjef Tor Hjalte entra scena og framførte "The Wall" av Pink Floyd saman med musikarar frå Raggle Taggle Gypsies. Hjalte piska stemninga opp til kokepunktet, og begeistringa hos publikum ville ingen ende ta.
Firdaposten. 11.10.2003 Linda Regina Bruvik