Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2007 Satsernytt og friskt

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Satsar nytt og friskt

07-FP-nytt-frisk

FLORØ: I år satsar Florø Rockeklubb på eit nytt og spennande program til årets Kystfestival. Årets heitaste festivalband kjem: My Midnight Creeps.
Vi gler oss vilt!, seier styret.

HÅPAR PÅ FULLE HUS: - Vi gler oss vilt, og håpar på fulle hus. Dette er det mest spennande programmet vi har hatt, seier Janne Linn Myren, Per Vidar Ottesen, Roald Hansen, Tor Albrigtsen, Charlotte Nygård, Reidar Brandsberg og Line Sundal i Florø Rockeklubb.
Foto. Regina Bruvik

Firdaposten, 30. mars 2007 av Linda Regina Bruvik
Desse kjem:
My Midnight Creeps
Dance With A Stranger
Hopalong Knut
Lukas Kasha
Alkorock

I år er vi veldig spente. Vi er spenstige og satsar på litt nye band. Det kjem til å bli ei stor publikumsoppleving! lovar Rockeklubb-sjef Janne Linn Myren.
Torsdag frir vi hovudsakleg til ungdommen. Då inviterer vi ein ny generasjon til Haavebua for å oppleve Florø-bandet Alkorock og indierockarane i Lukas Kasha, seier ho.
Lukas Kasha har veldig brei appell, og ryktet seier dei er eit veldig bra liveband, legg bookingsjef Per Vidar Ottesen til.

Ikkje irsk
Fredag er det veteranane i Dance With a Stranger som entrar buascena. Rockeklubben trur dei kan treffe same publikum som tidlegare kom for å høyre irsk folkrock, som dei no har gått vekk ifrå.
Bandet har med seg både blåserekke og kor, og heile originalbesetninga, til Florø-konserten.
Laurdag er scena først reservert det tøffaste bandet Per Vidar Ottesen veit om, Hopalong Knut.

Trønder Rock|
Ska-rockebandet frå Trøndelag består av ni medlemmer, med vokalist Kristin Jensen som syng på dialekt i spissen, og musikken deira har hausta eit utal femmarar på terningane landet rundt.
Dette blir det største oppvarmingspartyet i Florø nokosinne. Hopalong Knut spelar knalltøff musikk, og dei som har sett dei live, seier det ikkje finst maken! Dette blir ei verkeleg oppleving, og folk med ope sinn kjem til å elske bandet, reklamerer Ottesen.

Mørk og kraftfull rock
Årets heitaste festivalband, My Midnight Creeps, avsluttar årets musikkfest. Dette er bandet til Robert Burås frå Madrugada, og deira nyutkomne album Histamin har fått seksarar og femmarar på terningen frå alle platemeldarane.
Dei speler mørk og kraftfull rock, med 60- og 70-talet som inspirasjon.
Når Per Vidar Ottesen skulle undersøke om det var mogleg å booke bandet til årets Kystfestival, fekk han raskt svar frå bandet på e-post:
Vi kjem! Florø treng å bli rocka!
Ottesen meiner laurdagen kjem til å bli den største rockedagen i Florø i historia. Kanskje med unntak av då Waterboys spelte i kystbyen.