Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2005 Kurt Nilsen

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

05-festival-FP-kurt-topperKurt Nilsen skal toppe musikkfestivalen
Kurt Nilsen har klart å kvitte seg med idolstempelet, og etter ein turné med fulle hus landet over kjem han til Florø i festivalhelga.
05-festival-FP-kurt-topper
Leiar i Florø Rockeklubb, Tor Hjalte, kunne torsdag juble over trekkplasteret dei har sikra seg til festivalen i år
Kurt Nilsen vart eit fenomen i Norge etter at han gjekk til topps i Idol. Det var første året TV-konseptet vart lansert i Norge. Deretter song røyrleggjaren frå Arna seg inn i hjarta verda over med U2-låten "Beautiful Day". Då gjekk han til topps i den internasjonale Idol-konkurransen. I motsetnad til Idol-Kjartan som vann året etterpå, har Nilsen blitt stjerne på grunn av stemma og ikkje Idol-sigeren. No fyller han alle stader han speler. Det gjorde han faktisk i Florø før han var med i Idol.

Her fylte han ungdomshuset Haffen med bandet "Breed", og året etter med "Fenrik Lane". Så melde han seg på Idol. Sidan den gongen har Kurt Nilsen blitt ein moderne manifestasjon av eventyret om Oskeladden.

Kvalitet
Kurt Nilsen har ei sinnsjukt god stemme. Og han har oppsiktsvekkjande brei appell. Han er inga reindyrka popstjerne slik plateselskapa vil vi skal like. Han er dønn ærleg og røyrleggjar frå Arna, seier Tor Hjalte. Han fortel han sjølv snart fyller 39 år og er noko eldre enn gjennosnittet for Idol-publikum, men like fullt fall han pladask for Kurt Nilsen første gong han høyrde han.

Kurt Nilsen har stor integritet sjølv om han starta som Idol-stjerne. Den utrulege sjarmen og den vanvittige stemma seier sitt, kjem det frå Hjalte. Han er imponert over at Nilsen frå Arna framleis klarer å halde begge beina på jorda etter Idol. Han trur også det er grunnen til at han er så godt likt.

På Haavebua
Han kjem til Florø laurdag 18. juni og skal spele på Haavebua. Under "Venn"-konserten på Rockefeller var det Nilsen og det nye bandet som stal showet. Og det var spesielt coverversjonen av den legendariske Rolling Stones-låten "Jumpin' Jack Flash" som fekk taket til å lette.

Sambuaren min Margrete er den største U2-fan eg kjenner til, og ho er veldig skeptisk til alt som har med U2-coverlåtar å gjere. At Margrete godkjenner Nilsen sin Beautiful Day er eit meir enn nok kvalitetsstempel for meg, seier Hjalte, som fekk med seg Rockeklubben til å slenge tusenlappane på bordet og sikre Kurt konsert i Florø. Dei ville ha ein artist som kunne appellere til fleire grupper. Og røyrleggjarar gjer jobben for kven det skulle vere.

Firdaposten 14.04.04