Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2004 Hayseed 28 Mars

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Vanvittig bra Hayseed!
Haavebua, Lørdag 28. februar 2004

Hayseed-280204-FP

FLORØ: Hadde det vore opp til Hayseed-frelste florøværingar, ville truleg bandet stukke av med prisen for årets beste rockeband under Spelemannsprisen i Oslo samme kveld. (Foto: Linda Regina Bruvik)

Sjeldan har det kokt slik på Haavebua i Florø som det gjorde laurdag. Vokalist Morten Fredheim, Florø-gitarist Terje Kjørlaug, trommis Remi Fagereng og bassist Endre Hallre leverte til tusen og endå litt til. Med sin reindyrka, funky, dampande og rå rock'n roll hadde dei taket på publikum frå første akkord.

Ustoppeleg
Vokalist Morten Fredheim er utstoppeleg energisk, han er sjarmerande spinnvill, høgt og lågt, med eit scenetekke og ein kontakt med publikum som gjer at sjølv den rolegaste guten eller jenta i klassen berre må rocke med. Sjølvsagt godt hjelpt av dei instrumentale eigenskapande til Fagereng, Hayseed-280204-FPHallre og sist, men definitivt ikkje minst, vår eigen lokale gitarhelt Terje Kjørlaug.

Og endå meir populært vart bandet då Fredheim sa dette frå scena:
I går var vi i Førde. Det var ganske så keisamt. I dag er vi i Florø, og det rocker som f!!! Til ære for dykk skal vi no spele songen Florø rock city!
Som var ein coverversjon av Kizz sin Detroit rock city, utan at det var noko som helst negativt.

Spellemenn
Kanskje burde Hayseed stått på scena i Chateu Neuf laurdag og motteke ein Spellemansspris. Og medan prisløna norske musikkstjerner starta nachspielet i tigerstaden, med Spelemann-statuetten i den eine handa og champagneglasset i den andre, la Hayseed inn ein sterk søknad til neste års prisutdeling. Berre synd juryen ikkje høyrde kva bandet leverte av varer.

For dessverre ser det ut til at bandet, som med dagens besetning har spelt sidan 2001, framleis er ein ganske godt bevart løyndom i Musikk-Norge. I alle fall for dei bransjetoppane som signerer nye band. At bandet har unngått å lande ein platekontrakt er eigentleg både merkeleg og uforklarleg.

Kanskje er dei for snille og skikkelege, for lite utspjåka og sminka, kanskje har dei for kort hår eller for lite naglar. Arbeidslysta og innsatsen deira er det ingen ting å seie på, dei har spelt inn to promo-cdar og spelt over 60 konsertar, mellom anna på Norwegian Wood-festivalen. Musikken er det heller ingen ting å utsette på tvert om. Her er det både særpreg, kvalitet og stort hit-potensiale.

Linda Regina Bruvik

Tlf. 57 75 73 07
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Hayseed-280204-FP
SPINNVILL: Vokalist Morten Fredheim fanga publikum med sitt sugande blikk og sin energiske scenesjarm. (Foto: Linda Regina Bruvik)

Besøk deres heimeside