Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2004 Vamp

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

15. oktober, 2003
Vamp på sitt beste

FLORØ: Dei 300 som tok turen til Haavebua onsdag kveld fekk valuta for pengane. Vamp sine musikalske trollmenn briljerte med sine mange instrument.

Øyvind Staveland  (Foto: Jon Holsvik Sørland) 

Vestlandsbandet utfordra den djupaste basstrengen til sjela, og dei høgste fløytetonane som trommehinna kan fange. Dei vandra frå urrock til lettare melodiøse perler, og spelte dei aller mest kjende vamplåtane, men også ei rekkje frå den siste plata, Månemannen.

Øyvind Staveland, Torbjørn Økland, Vidar Johnsen og Calle Apeland står fjellstøytt på si musikalske plattform. Dette er musikarar av høg klasse, og dei torer stort sett gjere som dei vil. At dei er så trygge smittar over på dei frammøtte, og stemninga i Haavebua var upåklageleg. Denne gongen var det konsert i ordets rette betydning. På dansegolvet stod borda tett, og det modne publikummet fekk det dei kom for: Sjeldan god variert godlyd pakka ut av eit ekte vestlandsk folkrockband. Presis klokka ni starta Vamp konserten, og etternølarane som i fast Florøtradisjon kom diltande etter ein liten time seinare, fekk seg nok ein aldri så lita overrasking.

Firdaposten. 15.10.2003   Jon Holsvik Sørland