Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2003 Alnæs i toppform

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Alnæs i toppform på Haavebua

FLORØ:  Var du ikkje på Haavebua torsdag kveld, gjekk du glipp av ei musikkoppleving av dei store. Frode Alnæs med vener gav dei frammøtte ein kveld dei seint vil gløyme.
190602-FP-Frode-Allnes
Foto Dag Magne Knapstad
I FORM:
Frode Alnæs var i storform på Haavebua torsdag, og viste publikum korleis ein verkeleg skal behandle ein gitar. (Foto: Kjartan Hjermann Døhlie)
Forutan Alnæs sjølv på gitar, hadde han med seg eit sikkert og dyktig band på bass og trommer, altså klassisk rockeband-oppsetjing. Konserten byrja litt tregt, med eit litt uengasjert publikum og tekniske problem frå bandet si side. Men det tok seg verkeleg opp.

Utruleg gitarist
Dei om lag 200 frammøtte byrja etter kvar både å danse og å rocke, og såg ut til å ha det upåklageleg. Frode Alnæs er ein fantastisk gitarist. Han spelar rolege balladar, irskinspirert musikk, blues, jazz og rock. Alnæs spelar gitarsoloar som gir assosiasjonar til 60- og 70-talet, og gitarheltar som Jimi Hendrix og Robin Trower. Han kan skape lyd på dei aller merkelegaste måtar. Blant anna ved å kutte gitarstrenger og ved å føre ølglas frå publikum langs gitarhalsen. Alnes spelte både coverlåtar og eigne låtar, og meistrar alt like bra.

Gjester
Då ein energisk Arne Hjeltnes entra scena med ein gjesteopptreden, og framførde ein blues om bakrus og eit dikt om alle gutar sin draum, Månestråle, gjekk stemninga verkeleg i taket. Såpass at straumen gjekk.

Er det Helse Vest som er på ferde igjen, høyrde vi frå salen.
Mens dei venta på Steinar Albrigtsen, måtte publikum greie seg med Rockeklubben sin eigen Albrigtsen Tor på munnspel. Noko som absolutt ikkje var ein dårleg måte å slå i hel tida på. Steinar Albriktsen entra scena på Dance with a Stranger-låta Everybody needs a friend sometime. Vi sakna ikkje Elg. Med Frode Alnæs sin hylande gitar og ein Steinar Albrigtsen i kjempeform på vokal vart Jimi Hendrix sin Little wing verkeleg eitt av høgdepunkta. Eit anna høgdepunkt var då den lokale helten Tor Hjalte song med dei to andre rockarane på låta Johnny B Good.

Trampeklapp
Etter den nesten to timar lange konserten ville publikum ha meir, og Alnæs gjekk av scena til trampeklapp og tillropa: Frode, Frode, Frode. Ingen tvil om kven som var gitarhelten i Florø torsdag.

Firdaposten 20.06.2003: Kjartan Hjermann Døhliere  Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.