Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2002 Cris Thompson

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Chris Thompson,
Haavebua, 3. mai 2002

Himmelsk gitar og vokal

FLORØ: Manfred Mann's Earth Band klassikarane "Davy's On The Road Again", "Blinded By The Light", "Mighty Quinn", og Bob Marley sin "Redemption Song" var alle på plass til ellevill jubel frå publikum. Men det skal seiast at Thompson sine nye låtar som han opna konserten med, så absolutt kunne stått på eigne bein.

030502_ChrisThompsonRef

Allsong
Allsongen til dei gamle sviskene ljoma under tjærebreidde buabjelkar, og fleire gonger vart Thompson overraska over eit publikum som kunne tekstane. Thompson viste også kvifor han er ein vokalist dei store stjernene ønskjer i studio på platene sine. Rett og slett den beste rockevokalisten underteikna har høyrt i Florø.

Gitarfenomen
Mats Eriksen er rekna for å vere ein av dei raskaste gitaristane i verda. Bergensaren med fleecejakke, joggesko caps og kort gitarreim, minner lite om Steve Vai, Yngvie Malmsteen, Joe Satriani og dei andre i gitargud-kategorien. At han er stor, viste han då han laga bakoversveis på luftgitaristane i lokalet med å trakterte gripebrettet med fingrane som styrtregn som treff eit blekktak.

Moro for oss
Han let det vere med den sekvensen, og det var nok for å stadfeste verdsnivå. Moro for oss her på berget er at Florø-gitaristen Jørn-Lasse Førde Refsnes tidlegare har vikariert for gitarfenomenet frå Bergen.
Sjølv om Chris Thompson flyt på fortida med Mannfred Mann's Earth Band, var han absolutt vital ved sidan av Mats Eriksen og band som gjorde denne fredagskvelden i Florø minneverdig.

Dag Frøyen


Kvalitetsmål
Parameteret for kva som er bra musikk står å lese i kroppsspråket til dei røynde rockarane i Rockeklubben. Frå eit utval på 20-30 prosent av styret i rockeklubben dei siste 10 åra, gjorde vi desse funna fredag:

1) Etter første låten var foten allereie med.
2) På andre låten sto alle og digga musikken.
3) På tredje låten hadde Thompson vist nok til å overtyde om kvaliteten.
4) Kommentarar:
- Faen heller, det her e' vanvittig bra.
- Han e' faen meg betre enn han var med Earth Band han har dessutan faen meg betre musikarar no enn han hadde då han spelte for 70 000.
- Det her e' enormt!
- Hør på det her!..fy faen, det her e' bra. Jævlig bra..det svinga' som faen.