Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2002 Hayseed

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Hayseed, 16. mars 2002

Knalltøff kompetanse

FLORØ: Han har spisskompetansen i orden, Terje Kjørlaug. Tilbake på heimebane med sin speilvendte Stratocaster, imponerte den lokale gitarhelten og Oslo-bandet Hayseed stort med hardtslåande og funky rock'n roll.

Arve Solbakken

Ein kanonkveld på Haavebua, reklamerte rockeklubben med på førehand. Dei har sine ord i behald. Denne laurdagskvelden levde klubben opp til namnet sitt.

Ikkje berre var hovudnamnet Hayseed vaskekte vare, men spesielt positivt var tiltaket med å la eit lokalt band varme opp. Laban tok steget opp frå ungdomsklubben Haffen til Haavebua, og avslørte gjennom ein halvtime med sjølvkomponerte låtar at potensialet er stort. Florø-bandet er i stadig utvikling, med markant meir tyngde no etter at Joakim Høyvik overtok mikrofonen.

Mens Laban er på søk, levna vokalist Morten Fredheim og Hayseed ingen tvil om kvar dei høyrer heime. Beina er planta solid i tradisjonen etter legendariske band som Deep Purple, Free og Van Halen. Men dei leverer ikkje berre stilsikre coverlåtar, men også sjølvlaga materiale i den same gata. Så presist, så funky, så dynamisk og drivande at det er til å få makk av. Og Kjørlaug' en framprovoserte "all time high" luftgitarfaktor på Haavebua, særleg blant herremenn på 40 +. Når denne generasjon inntek aldersheimane om 25-30 år, nyttar det ikkje å komme med trekkspel og skillingsviser. Då blir det Hendrix til kaffien og Cream til desserten.