Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2012.02.10 Furubotn & Seglem

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Karl Seglem og Elin Furubodten

Fredag  10. februar kjem landets heitaste jazzduo til Florø og Haavebua. (Konsert start: Presis 20:30)

 

"Det er herleg å backe ein artist som Elin Furubotn, og for ein gongs skuld ikkje vere frontfigur," seier saksofonist Karl Seglem.


Samarbeidet mellom ein av landets framste saksofonistar, Karl Seglem, og songerinna Elin Furubotn kom til på merkeleg vis.
 

"Elin spelte konsert i Tyskland nord for Hamburg, på ei scene eg har spelt ein god del gonger tidlegare. Etter konserten kom arrangøren til Elin og nærast insisterte på at ho måtte gjere noko i lag med meg; han meinte vi ville stå perfekt til kvarandre musikalsk. Så det var med tysk hjelp dette kom til, og det har vore utruleg kjekt", fortel Karl Seglem, som no er ute på turné i lag med eit av Norges mest spennande kvinnelege jazznamn.


Internasjonal lansering
 Elin Furubotn er ute med si femte plate, den andre på Kirkelig Kulturverksted. For første gong skal ho også lanserast internasjonalt, og hovudmålet er den tyske marknaden, der fleire norske jazzartistar som Jan Garbarek, Mari Boine og Karl Seglem tidlegare har gjort suksess. Difor er også fleire låtar spelt som bonusspor inn i engelskspråkleg utgåve, ikkje ulikt måten Kari Bremnes gjorde det på, då ho første gong blei lanserti utlandet.
 

"Elin Furubotn er ein spennande artist, og ho lagar musikk i skjeringspunktet mellom jazz og vise. Lett tilgjengeleg, der sterke melodiar og norske tekstar står sentralt. Eg vil kalle henne for Stavangers svar på Jan Eggum", seier Seglem.


Saks og bukkehorn
No ventar rundt ti nye konsertar, der Haavebua er stoppestad 10. februar. Og Seglem gler seg:  – Vi hadde ein strålande konsert der med eit svært så triveleg publikum i fjor. Eg håpar minst like mange tek turen denne gongen, seier saksofonisten, som også kjem til å trekkje fram bukkehornet på enkelte låtar.

"Det er modig av Elin å ta låtane frå den nye plata ut på turné i eit nake duo-format. Men det fungerer utruleg bra", seier Seglem.

 

Det er Florø rockeklubb som er arrangør, og Per Vidar Ottesen har planar om å skape intimstemning på Haavebua.
"Dette blir ein kveld med kos og lyttemusikk, og vi skal omskape bua til ei intimscene", lovar han.

 

Fra Firdaposten, Av: Svend Arne Vee

 

Billetter selges i døra, til pris av kr. 150,-.   Medlemmer av Florø Rockeklubben  kr. 120,-

Dørene åpnes kl 20:00, Konsert start presis  kl 20:30