Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2012 Gode gamle dager

Del denne artikkelen

Submit to Facebook
Rockeklubben er, pålitelege som alltid, klare for å avsløre programmet for den sagnomsuste helga i juni då Florø står på hovudet.

Og dei vil tilbake til dei gode tidene då irske band av høg klasse fekk golvet i Haavebua til å gynge. Då låtar som «The Irish Rover» og «Black Velvet Band» løfta taket, godt hjelpte av hese og lukkelege strupar som hjelpte bandet med tekstane. Mange av desse strupene har gjeve uttrykk for at eit sterkt sakn etter irske tilstandar på Haavebua, men no er det ikkje lenge att å vente.

Endeleg!

Styret 2012

Firdaposten, 19. april 2012 av Liv Standal

Fredag 15. juni er det nemleg klart for eit namn rockeklubben har kjempa i fleire år for å få på kroken: The High Kings.

– Dei turnerar mykje, mellom anna i USA, så vi er utruleg glade for at dei endeleg fekk passa Florø inn i reiseruta, seier Per Vidar Ottesen nøgd. Dei fire medlemmene i The High Kings har kvar for seg mange merittar bak seg, og når dei gjekk saman og danna band, vart dei raskt svært populære. For å illustrere dette kan nemnast at dei førre månad spelte under St. Patricks Day-feiringa i det Kvite Hus i Washington. Dei spelar mange av låtane florøfolket har trykt til sitt bryst gjennom åra, men greier samstundes å tilføre noko nytt gjennom dei stemingsfulle arrangementa.

 

Gamle kjende

Men i tillegg til The High Kings kjem også The Young Folk som mange stifta bekjentskap med under festivalen i fjor . Dei er første band ut både fredag og laurdag. Dette er eit ungt band som har både klassikarar på repertoaret, samstundes med eit meir rocka uttrykk.

Men kva var grunnen til at dei gav seg med det suksessrike konseptet med irsk fredag under Kystfestivalen?

– Det starta med The Dubliners og Raggle Taggle Gypsies og dette var gode band som løfta konseptet høgt. Men etter kvart det vanskeleg å oppretthalde den høge standarden, og difor vart det til at vi gjekk vekk frå det, seier Geir Høyvik.

 

Rocka og retro

Laurdagen skal også setjast av om du vil ha med eit up and coming norsk band. Death By Unga Bunga er det kryptiske namnet på den unge, hardtslåande gruppa frå Moss/Oslo som inntek scena etter The Young Folk. Dette er skikkeleg 60-tals rock'n roll, men så listar dei då og opp namn som The Cramps, Velvet Underground og Scramin' Jay Hawkins som inspirasjonskjelder. Det er Janne Kristin Fristad som har snusa opp dette bandet. Ho var til stades då dei spelte for eit fullsett Rockefeller i Oslo nyleg og meinte at dette måtte vere perfekt for den intime scenen på Haavebua. Billettane til rockehelga kjem i sal om 2-3 veker, og det er ser ut til å lønne seg å vere ute i god tid.