Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2012 Mange vil sjå The High Kings

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Halvparten av billettane er allereie borte, knappe to veker før Himmel & Hav-festivalen byr på irsk festmusikk.

 Firdaposten 15.06.2012 Av: Svend Arne Vee

HigKings-01

KLARE FOR NORGE: The High Kings kjem til Norge for første gong, og spelar fredag 15. juni på Haavebua. Foto: Privat

Florøfolk er ikkje kjende for å vere tidlegast ute når det gjeld å sikre seg konsertbillettar. Men det ser ut til at mange har fått med seg at Florø rockeklubb har eit verkeleg storband på plakaten fredag 15. juni, for måndag var vel halvparten av billettane til Haavebua-konserten med The High Kings selde.

- The High Kings byrjar å bli svært store og turnerer heile verda. For nokre månader sidan blei dei inviterte til det kvite hus og spelte for president Obama på sjølvaste St. Patrick's Day, seier Per Vidar Ottesen, som har vore fan av bandet lenge.

Arvtakarane

- Dei er nok arvtakarane til The Dubliners og det neste store verdsbandet frå Irland - i alle fall når det gjeld folkrock, seier han.

Ottesen trur rockeklubben gjer rett i å gjeninnføre den irske profilen, slik dei no har gjort fredagskvelden. Då blir det folkemusikk for alle penga, med The Young Folk som førsteband, før The High Kings avsluttar ballet.

- Det blir garantert stor stemning for dei som er glade i denne musikkformen - og det er tydelegvis mange. Det er etter påtrykk frå mykje florøfolk at vi no har spissa den irske profilen att, legg han til.

Dersom du ikkje har fått høyrt The High Kings, ligg det ein smakebit her.

Garasjerock

Men musikkhelga på Haavebua har også meir på plakaten om du ikkje er hekta på irsk musikk. Det fremadstormande norske bandet Death By Unga Bunga er headliner laurdagskvelden.

Bandet har fått mykje merksemd for den garasje/60-talsinspirerte poprocken sin, og er ute med si andre plate som har hausta gode kritikkar. Inspirert av band som The Cramps, The Sonics og andre gamle helteband, gir dei full gass og vil garantert rocke Haavebua laurdagskvelden. Death By Unga Bunga kan dusjekke ut via denne linken.

Billettar til Haavebua-konsertane får ein kjøpt på Quality Hotel, på Narvesen i Strandgata eller på billettservice.no.