Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2013 Okt 26 - El Cuero

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

FLORØ: Laurdag 26.oktober står eitt av Norges heitaste rockeband  på scena på Haavebua. Det kan du også gjere.
–Tar du duetten med oss på Bua? El Cuero jaktar jente til å synge Tuva-stemme

FP: av SVEND ARNE VEE Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
I 2011 rocka El Cuero Haavebua så takbjelkane rista. No er dei klare for nytt florøbesøk, og bandet kjem til kystbyen 26. oktober.
Det er Florø rockeklubb som er vertskap for gjenvisitten, og Tor Hjalte har ei ekstra utfordring til syngande damer i Florø: – Ta Tuva-jobben

– El Cuero har hatt stor suksess med låta «Deadline In Your Soul» på den siste plata si. Der syng vokalisten duett med Tuva Livsdatter Syvertsen frå folkrockbandet Valkyrien Allstars. Mange kjenner ho kanskje frå TV-serien «Stjernekamp» i fjor, der ho tapte finalen for Rita Eriksen. Tuva er ikkje med på El Cuero sin store Norgesturné, og difor er det open mikrofon for lokale jenter og damer som kan tenkje seg å synge denne hiten i lag med bandet her i Florø, seier Tor Hjalte.
«No må jentene sjå om dei vågar å ta utfordringa om å stå på scena med eitt av landets tøffaste rockeband.» Han oppmodar alle jenter som både likar bandet og låta om å ta kontakt med han og melde si interesse for å syngje.
– Vi kjem til å kome med meir informasjon om ein eventuell enkel audition litt seinare. No kan syngeglade jenter gå litt i tenkeboksen å sjå om dei vågar å ta utfordringa om å stå på scena med eitt av landets tøffaste rockeband for tida, oppmodar klubbleiar Hjalte.

Han legg ikkje skjul på at han personleg har stor sans for Kristtiansund-bandet og ser fram til konsertdatoen. Etterspurd rock
– Dei leverte ein kjempekonsert for to år sidan, og sidan den gong har dei gjett ut ei kjempeplate og fått ein endå større tilhengarskare. Rockeklubben har fått mange oppmodingar om å arrangere meir av nettopp denne typen konsertar: Klassisk, tøff og rotekte rock’n roll. Og det blir det, garanterer Hjalte.

– Har du allereie ein aktuell lokal kandidat til duetten?
– Nei. Eg veit om jenter som ville fikse det greit. Men samtidig er det sikkert mange unge, flinke der ute som vi ikkje veit om. Det hadde vore utruleg kjekt om denne vesle utfordringa kunne vere med på å få fram eit nytt, lokalt songtaltent, seier Hjalte, som oppmodar flest mogleg om å prø ve seg.


=========================

SOLID ROCK’N ROLL: Med den fjerde plata si "Victor’s Justice" har El Cuero nådd eit endå større publikum med den kraftfulle Americanarocken sin. No kjem dei snart til Florø, og utfordrar ein kvinneleg lokal vokalist i Florø eller Bremanger om å synge duett med dei under Haavebuakonserten 26. oktober.