Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2016 Juni - Himmel og Hav - Haavebua

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

2016Juni -Himmel & Hav - Reggae, Irsk og Kreols


DROPS OF GREEN

Men det blir sjølvsagt ingen musikkfest i Florø utan også eit irsk innslag. I år kjem eit heilt nytt band i Florø-samanheng, nemleg Drops of Green frå Dublin. Kvartetten blei skipa i 2014, og har dei siste 11 månadene turnert USA, med spelejobbar mellom anna i New York, Las Vegas og Boston. I skrivande stund spelar dei konsertar i Tyskland, og 17. juni er det på plass for første gong i kystbyen.

Bandet består av Lee Campion, Ross Hennessy, James Ring og Sean Kearney, og dei listar opp artistar som The Pogues, Mumford & Sons og The Clancy Brother som insprasjonskjelder. Bandet blir å høyre både på Haavebua og ute i gata i løpet av Himmel & Hav-helga

Drops og Green

Drops of Green er ein irsk kvartett som har gjort seg bemerka i heimlandet sidan oppstarten i 2014. juni.
(Pressefoto)


 LEGEND: Besøket av Birmingham-bandet Legend i 2014 blei så godt motteke av publikum, at Florø rockeklubb har invitert reggae-bandet på nytt besøk i år.

Du kjem ikkje nærmare Bob Marley & The Wailers enn dette. Stemninga dei skapte både i Strandgata og på Haavebua for to år sidan var heilt magisk! seier den utilslørte reggae-frelste Per Vidar Ottesen i rockeklubben.

 Legend

Reggaebandet Legend frå Birmingham besøkte Florø for første gong i 2014. (Foto: Ø. Bang-Olsen)


Cajun Gumbo

Kreolsk gryte:  Men rockeklubben prøver seg også på ein litt annan folk-sjanger i år.

– Vi er spente på kva Cajun Gumbo har å by på. Med dei på plass har vi eit ganske fargerikt program, der roots- og folkemusikkrøtene står sentralt, seier Ottesen.

Felles jamsession?

Som namnet indikerer, handlar dette om den såkalla cajun-musikken, ein stilart som hadde sitt utspring på 1800-talet blant fransk-kanadiske settlarar, og som seinare blei smelta saman med verdsrytmar frå den kreolske smeltedigelen lengre sør i statar som Louisiana og Texas. Cajunmusikken har hatt sterk påverknad på den amerikanske populærmusikken, på same måte som bluesen og countrymusikken har gjort det.

Cajun Gumbo

Bandet Cajun Gumbo byr på cajun/zydeco-musikk i norsk innpakning.
(Foto: (Pressefoto))

 

Om Ottesen får det som han vil, kan det i løpet av helga bli spennande jamming mellom dei tre ulike banda på forskjellige scener i byen.

- Billettsalet startar om to vekers tid, seier Ottesen
- Firdaposten: ved Sven Arne Vee,  22. april 2016