Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2016.11.05 - Flora Blest - Seminar

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

LAURDAG 5.NOVEMBER

HAAVEBUA

i samarbeid med Florø Rockeklubb.

Blest er Braks viktigaste møteplass for musikkmiljøet i Sogn og Fjordane gjennom året og samlar både artistar, arrangører og bransjeaktører til dagar med seminar, samtalar og kurs. Her får du anledning til å møte ulike aktørar frå regionen og vi inviterar inn kurshaldarar som gjer deg kompetanse på mange områder. Dette er sjette året vi arrangerar Blest og vi satsar på at det også i år vert stor oppslutnad. I 2016 arrangerer vi tre Blest på ulike stadar i fylket. FloraBlest er andre i rekka og går av stabelen laurdag 5.november på Haavebua, Quality Hotel Florø.

På FloraBlest vert det fokus på arrangørar og på artistar. Brak Sogn og Fjordane ynskjer å lage eit arrangørnettverk som møtes norke ganger i året, på eksisterande møteplasser i regi av Brak eller av arrangørane sjølve. Sommaren 2016 inviterte Malakoff Rockefestival til festivaltreff under deira arrangement på Nordfjordeid. Vi ynskjer å følgje opp dette ved å invitere alle arrangørar i fylket til FloraBlest for erfaringsutveksling, nettverksbygging og faglig påfyll. Vi kan også by på mellom anna låtskrivarworkshop med ein av fylkets profilerte artistar og Q&A med Line Dybedal om å flytte heim til Sogn og Fjordane og satse på musikken.

REGISTRERING FRÅ KL.12.30

KL.13.00-17.00 LÅTSKRIVARWORKSHOP MED HÅKON NJØTEN

Håkon Njøten har jobba som artist med mangfaldige prosjekt, både som solo artist og som ein del av band som The Micropops. Håkon turnerar også med coverbandet Fagernes Yacht Club med stor suksess i Norge. For tida driver Håkon aritstprojekta “Hawkon” og “Løver”.

I 2012 flytta Håkon til London der han har bygd opp eit nettverk av produsentar, låtskrivarar og artistar, og kjem til å bruke denne erfaringa når han held workshop i Florø.

KL.13.00-17.00 ARRANGØRTREFF MED FESTIVALAR OG ARRANGØRAR I FYLKET. KORLEIS SAMARBEIDE OG VÆRE KONKURRENTAR.

KL.17.00-18.00 Q&A MED LINE DYBEDAL

Meld deg på som delegat her for å delta på møteplassen på dagtid. Alle som deltek på dagprogrammet har gratis adgang til konsertane på kveldstid!

Vi avsluttar dagen med ei rekke konsertar, med artistar frå Sogn og Fjordane. Dørene opnar kl.20.00, med konsertstart kl.20.30.

Konsertane er ope for publikum!

ARTISTAR

HÅVARD ØYREHAGEN

Øyrehagen er Håvard Øyrehagen sitt soloprosjekt. Det er framleis norsk vokal og sogning klinger ganske fint saman med popharmoniane og dei fine melodiane til Øyrehagen. Tekstane er sterkt vektlagt i Øyrehagen og på morsmålet er det enklare å skrive gode tekstar og få uttrykke seg slik som ein vil. I vinter var bandet i Ocean Sound Recordings og spelte inn tre songar som vert gitt ut i desse dagar. Håvard Øyrehagen er Håvard Øyrehagen – vokal/gitar, Per Christian Grov - gitar, Håkon Sverdvik – tangentar/vokal, Jan-Tore Brunstad - Bass, Andreas Høifødt - trommer.

MARTINE HÅLAND

Martine Håland er ei 19 år gammal jente frå Dale i Sunnfjord. Heilt sidan ho byrja å spele piano som åtteåring, har musikken vore hennar utrykksform. Ho er oppteken av å skape musikk som er ekte, og baserer difor songane sine på kjensler som folk flest vil kunne kjenne seg att i. På denne måten oppnår ho det som er sjølve meininga med musikken min, nemleg å vekke kjensler hos andre og ikkje minst bli trudd på.  Martine opptrer åleine med piano.

LINE DYBEDAL

Line Dybedal er frå Selje, og var tidlegare medlem av The Pink Robots. Ho har no etablert seg som soloartist og slapp sitt debutalbum tidleg 2016, der fire av låtane har vore lista på NRK P1 og NRK P3. Dagens Næringsliv omtalar musikken som "storslått elektropop på dialekt", og Atle Bredal i NRK P1 gav albumet terningkast 6.