Raggle Taggle "Texas"
FLORØ: Det var kjempestemning i Haavebua under Raggle Taggle Gypsies konserten laurdag.
Mange hadde teke ein heilaften på by'n og Ragglarane skuffa ikkje dei med billett. Dette er den beste konserten dei har gjort i Florø. Det er høgt nivå på det dei leverer her, fekk vi høyre frå arrangøren ved sidan av scena, og det er ingen tvil om at Raggle Taggle Gypsies er eit band som Florøværingane har trykt til sitt bryst. For sjølv om bandet har vore i Florø fem gongar tidlegare, så kunne dei ut i frå gjensynsgleda hos publikum vore her oftare.
Dansegolvet var stappa fullt under kvar ein låt, og dei store tilhengarane slest om å komme heilt fram til scena.
Ut i frå stemninga laurdag skal ikkje rockeklubben vere redde for å vandre denne stien på nytt.I det første settet hadde irane fleire coverlåtar som slo godt an. Bandet viste at dei kan sine saker også utanfor den irske folkrocksjangeren. "Brown Eyed Girl" med Van Morrison og "Wild Honey" frå den siste U2 plata slo an. Dei viste seg frå ei friskare side og overraska sjølv dei kyndige i rockeklubben teknisk, og viste å halde eit høgre nivå enn tidlegare opplevd. Rockegeneralen Tor Hjalte var strålande fornøgd.Dei var tydeleg i form. Det er lenge sidan det har vore eit liknande trøkk på golvet. Ein innertier, seier han og synest det er moro med orda han fekk høyre frå Ragglarane sjølv etter arrangementet.
Dei elskar rett og slett Florø, seier Hjalte. Litt kroner vart det til arrangøren også etter "raggling" ut i dei seine nattetimane. Etter at utgiftene var betalt, sat dei att med vel 10 000 kroner.Vi gjekk inn ein avtale der bandet spelte på inntektene i døra. Dette kjem vi til å halde fram med på liknande arrangement i framtida. Det er nok rockeklubbar rundt om i landet som slit med økonomien etter at dei har gått på ein smell, seier han. Dei sette tak på 350 personar, noko dei og kjem til å gjere vidare.Vi fekk god tilbakemelding for at vi ikkje slepte fleire inn. Det var nok til at trøkket på golvet heldt seg, samtidig så det gjekk an å forflytte seg i lokalet, avsluttar rockegeneralen.
Dag Frøyen