2007 Rockeklubben er friskmeldt

Friskmeld rockeklubb

08-FP-Rockeklubben-friskemeldtOttesen lovar mykje rockn roll i 2008
FLORØ: Nyvald leiar av Florø Rockeklubb, PerVidar Ottesen, får ikkje fritidsproblem fram til sommaren.

IKKJE SAMARBEID: Per Vidar Ottesen og Florø rockeklubb har mange samarbeidsprosjekt på gang. Men noko samarbeid med White Lion-arrangør Hugo Hellesen, blir det ikkje. Vi har forpliktelsar overfor Quality og Haavebua denne
helga, seier Ottesen.
Firdaposten, Torsdag 21. februar 2008
av Svend Arne Vee Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Etter nokre kritiske år, er økonomien i Florø Rockeklubb no sunn.
Dermed kan Janne Linn Myren ta ein velfortent pause som leiar, og ho har overlate roret til ein tidlegare leiar, nemleg Per Vidar Ottesen.
Vi har store planar fram til sommaren, seier Ottesen, som allereie 15. mars lovar klassisk rocketrøkk på Haavebua. Til ære for revyen
Denne laurdagen er siste speledag for Florarevyen, og rockeklubben slår seg saman med revygjengen og byr til ope hus på Haavebua og konsert med Funkaholic/Hayseed, med Florøs eigen Terje Kjørlaug i spissen.
Vi håpar revypublikummet blir med på Haavebua og feirar revygjengen med ein solid rockekveld, seier Ottesen. Rockeklubben har også planar for Florevika Båtmesse, første helga i mai. Då har klubben hyra inn maritim folkemusikk. Det irske bandet Raggle Taggle Gypsies skal spele på Haavebua både fredag og laurdag, samt ein utekonsert på dagtid laurdag. Open laurdag
For tida jobbar den nyvalde leiaren med å boke band til Florø musikkfestival i juni. Fredag blir folkrockdagen gjeninnført, og Ottesen er i forhandlingar med The Tramps.
Frå før av er countryrockarane Ila Auto klare for Florø fredagskvelden.
Bandet har blitt ein livefavoritt og er eit av trekkplastera under årets countrytreff på Breim. Kva som blir hovudnamn på laurdagskvelden, er førebels ikkje klart.
Vi skal også vere medarrangør under FotballFlora i juli.
Det manglar med andre ord ikkje på prosjekt framover, seier Ottesen.Nei til Hellesen
Men Florø Rockeklubb blir ikkje med på arrangørsida når Hugo Hellesen hentar amerikanske White Lion til Florø under Kystfestivalen. Dermed har ein to store musikkarrangement same helga, der det truleg blir tøff konkurranse om publikum mellom Haavebua og Florahallen.
Den einaste ledige datoen kolliderte med Rockeklubben si festivalhelg, og Hellesen ønskte eit samarbeid med rockeklubben.

2007 Album

Album

07-Kommer-Album

Haavebua. Fredag, 28. desember 2007
Fredag 28 Desember blir det gjensyn med folkekjære Florø bandet som spiller 70 og 80 tals cover låter. Album har alltid vert populære, så blir det nok folksomt på bua denne kvelden.



2007 Rockeklubben på Opptur

Rockeklubben på Opptur

08-FP-Rockeklubben-opptur
FLORØ: Dei låg skadeskotne etter Ravi, men det siste året har dei bygd seg opp til sunn økonomi med over 100 000 på bok. No skal dei bli meir vågale.

I MEDVIND: Det siste året har Rockeklubben stabla økonomien på beina. Og no gler dei seg til ein kjempefestival i sommar og vågale prosjekt utover hausten. Per Vidar Ottesen, Geir Høyvik og Line Sundal i styret framfor «heimebana» Haavebua.
Firdaposten, Tysdag 21. mai 2008
av Dag Frøyen

Det er lenge sidan Florø Rockeklubb har gått inn mot musikkfestivalen sin med så god økonomi som i år. For det er under festivalen dei tradisjonelt sett har henta heim inntektene sine til arrangementa resten av året.

Men sikre og populære arrangement, toppa av to fulle Raggle Taggle-hus i april, gjer at økonomisjef Line Sundal er i godt humør for tida.

Då dei ikkje har hatt mogelegheit til å forsvare dei massive satsingane på dei største banda, har dei det siste året jobba endå hardare for å finne dei riktige banda til årets festival. Og namna dei har sikra seg er dei veldig stolte av. Vår arena er Haavebua, og der kan vi ikkje forsvare dei største banda av ulike årsaker. For det første har vi eit tak på kring

400 personar. For det andre kjem dei store banda med ein scenerigg som ikkje passar på intime Haavebua. Dessutan er prisen ofte større enn det vi kan forvente å få igjen, seier Per

Vidar Ottesen.
Arbeidet med banda i år har vore grundig med nye spennande band dei er sikre på at publikum vil sette pris på. Dei har teke vare på den irske tradisjonen med Trampolines, som er ein trio av Tramps. Dei har ein kjent helt i Ole Staveteig og fleire nye kometar i Tracee Meyn, Howl, Superfamily, Trampolines, og ein shantygjeng i Storm Weather Shanty som skal lette taket saman med Ila Auto og sørge for høg partyfaktor, som rockeklubben er kjent for å prioritere. I vår har dei også investert i ein del nytt utstyr dei skal bruke under gratiskonsertane i Florø sentrum i festivalhelga. Og til hausten vil dei ha musklar til å hente det dei vil. Vi er vakne og på jakt etter nye, store og framfor alt spennande artistar, noko vi har vore i 15 år. Og eg kan love vi skal rocke i femten til, avsluttar Per Vidar Ottesen med eit breitt glis.

2007 Alko Rock

Alkorock

07-Kommer-AlkorockTorsdag, 14. juni 2006

Torsdagsarrangementet er i år eit frieri til ungdommen. Første band
ut er Florø-bandet Alkorock som speler sjølvlaga rock med norske tekstar.
Tidlegare i år vann dei delfinalen i "Battle of the bands".
Bandet består av Bremangerguten Thomas Lillerovde på vokal og gitar, samt florøgutane Erlend Baugstø (gitar), Thomas Osland (gitar),
Christian Kruse (bass) og Sven Arild Kjerpeset.(trommer). Rockeklubben er stolte over å kunne presentere eit lokalt og "up and coming" rockeband på Kystfestivalens første


2007 Gullrekka spilte på dugnad

07-FP-Gullrekka

GULLREKKA: Dei lokale heltane samla på eit breitt. Eirik Molnes Husabø t.h stemte i «Rett som ørnen stiger» til latter i salen. Foto: Dag Frøyen
FLORØ: Det er tydeleg at Rockeklubben har støtte blant dei lokale musikarane. Dei ville alle vere med på dugnad for å trekke klubben opp av det økonomiske uføret, og resultatet var ei musikkoppleving av dei sjeldne.
Firdaposten, Tirsdag, 6. Februar, 2007 av Dag Frøyen

Å vere med på dugnad er ein ting, men for oss i salen vart dette ei konsertoppleving av dei sjeldne. Lydmann Trond Øyre og Finn Åge Korneliussen leverte ifølgje leiar i Rockeklubben «all time high» når det gjeld lyd, og med tanke på at det var mange og ulike artistar på scena, gjekk arrangementet knirkefritt.

 

Lyd i sentrum
Som konferansier Knut Hjermann påpeikte så var det litt uvant setting å høyre arrangement frå Rockeklubben i eit kulturhus. Men lydopplevinga var desto betre, dessutan slapp dei som sat i salen å risikere å bli bedne opp til dans.Breidda og variasjonen på det som var på plakaten var dessutan imponerande. Den store stemma var representert ved Ann Kristin Takle Winterthun som starta konserten.

Blues-gåve
Blues er ein sjanger som ligg djupt forankra i ryggmargen til klubben, og den vart representert av eikefjordgitarist Steinar Karlsen. Han hadde til alt overmål skrive ein eigen låt til arrangementet. Kasterósa Soul og Jazzkvintett tok deretter over roret, og det var ei nyting for øyra. Den musikalske multikunstnaren Eirik Molnes Husabø spelte nokre av sine komposisjonar og viste kvifor han er eitt heitt namn for tida.

Nye generasjonar
Elektronika-artisten Tove Nilsen alias «Stuilui» representerte ein ny musikksjanger, medan dei nye generasjonane vart representerte av artisten Håvard Lothe og Marte Helleseter med nokre nydelege balladar. Til slutt fekk sveltefora rockarar i salen ein bugnande buffet då Terje Kjørlaug, Eilif Vaardal, Rune Knapstad og Arild Solheim sleppte hammaren i finalen.

Da capo?
Artistane fekk ståande applaus, og festen skulle halde fram i Kinnkjellaren.Tor Hjalte i Rockeklubben hadde berre så vidt fått takka artistane og støttespelarane for dugnaden, før samtalane gjekk på korleis ein kunne få til noko slikt igjen. For av alle arrangement i Samfunnshuset, så var dette ei oppleving av «eg var der»-slaget.


 

2007 Dance With A Stranger

Dance With a Stranger

07-Kommer-DWS-okt


Haavebua Lørdag, 27. oktober 2007

Etter fem års pause er Dance With a Stranger er tilbake og satsar for fullt! Bandet har hittil seld over ein million album og 9. oktober startar ein stor noregsturné med over 50 jobbar. 1. oktober sleppes ein ny dobbel "best of" med det beste frå hele karrieren, "rarities", live-spor og 3 helt nye låtar.

Dance With A Stranger-eventyret starta på midten av 80-tallet. Sju plater, over ein million selde album og Topp 10-plasseringer i fleire land med bl.a. låtane "Everyone Needs a Friend", "The Invisible Man", "Only Love" og "Lovers in the Night". Bandet har fått tre Spellemannsprisar, og har vore ute på utallige turnear.
Dei har lege i dvale nokre år, men kjem no sterkt tilbake, - minst like
leikne og samspelte som før. Vi veit at dei dyktige og lune herrane ELG, Alnæs, Moe og Jenssen vil ta publikum med storm! Vi gler oss!

Sjå også www.dancewithastranger.com



2007 Jentene tar makta

Jentene tek makta i Florø Rockeklubb 

07-FP-Jentene-tar-makta

«Det er i alle fall ikkje noka ulempe å vere kvinne» Janne Linn Myren, ny leiar i Florø Rockeklubb

Jentene tek makta i Florø Rockeklubb
FLORØ: Janne Linn Myren overtok onsdag leiarvervet i Florø Rockeklubb etter Tor Hjalte. Med Charlotte Nygård som NK og Line Sundal som økonomisjef er det kvinnene som no rockar i Florø.

Firdaposten, Lørdag 10. februar 2007 av Dag Frøyen

Under styremøtet i Florø Rockeklubb onsdag trekte Tor Hjalte seg som leiar etter 8 år på topp. Janne Linn Myren, som er kjent som vokalist i «husbanda» Kasteròsa og i Pegasus, tek over som ny leiar. Dei vi har snakka med i miljøet er også veldig glade for at ho tok på seg vervet, noko som tyder på at det er ein person med breitillit som no går i bresjen.Jentetrio
Charlotte Nygård har blitt ny nestleiar, og det skal nemnast at det akkurat var denne duoen som fronta Rockegallaen i Flora Samfunnshus fredag der økonomien i klubben kom i hus. Line Sundalheld fram som økonomiansvarleg, og dermed har vi trejenter som det rockar mest av i det til no mannsdominerte rockemijøet i Florø.
Kva skal du jobbe for som leiar i Florø Rockeklubb?
Det blir å jobbe for eit variert livemusikk-tilbod i Florø. Det går ein hårfin balansegang mellom suksess og fiasko, så det er viktig med innspel frå publikum for å vere tryggare på kva vi hoppar på. Målet er å få fleire unge tent på livemusikk, samt at vi skal levere varene til det faste publikummet.Dristigare?
Blir rockeklubben dristigare i val av artistar med deg som leiar?
No er ikkje vi akkurat i posisjon til å vere dristige, men på sikt vil vi hanke inn dei «hotte» namna. Det er ikkje tvil om at det er ei stor økonomisk utfordring å satse høgt, og vi er aturleg
avgrensa då vi ikkje har eit stort studentmiljø. Men det er klart at vi ønsker å gjennomføre ein storkonsert igjen. I klubben jobbar vi mot konsertar der budsjettramma er vaksen. «Cash is
king» i dette gamet, og vi treng pengar på bok for å vere tøffe, men det skal vi bli, lovar ho.
No er det ein jentetrio som styrer klubben. Er det ein fordel i denne bransjen?
Det er i alle fall ikkje noka ulempe å vere jenter. Vi har gått i lære nokre år og vil alltid vere avhengige av samarbeid med dei som har trakka opp stiane i klubben uansett.
I tillegg treng vi andre som ønskjer å engasjere seg for å skape eit betre livemusikkmiljø
i Florø. No kjenner vi oss klare til å ta på oss større oppgåver. Om det vil bli ein suksess, vil tida vise, men vi gler oss, avsluttar ho.
Janne Linn Myren

■ Janne Linn Myren (31) Sambuar med banksjef og trommis Trond Teigene. Dei bur på Plassen aust på Solheim i Florø og har sonen Henrik (2).
■ Ho er intensivsjukepleiar ved Førde Sentralsjukehus,
■ Har sete i styret i rockeklubben i fem år og er vokalist i banda Kasterósa Soul og Jazz og Kvintett og Pegasus. Ho syng med Eirik Molnes Husabø og Florø Storband og ulike andre lokale prosjekt.Fem beste konsertar
1: Sting, Oslo Spektrum
2: Steely Dan, Oslo Spektrum
3: Angelique Kidjo, Balejazz
4: Manu Dibango, Maijazz Stavanger
5: Brass Brothers, Flora SamfunnshusFem beste Florø-konsertar
1: DeLillos
2: Thomas Dybdal/Vibeke Saugestad
3: Funkaholic
4: Soulslaves/Turbostipend
5: Morten AbelFem beste album
1: The Police, «Syncronicity»,
2: Steely Dan, «Royal Scam»
3: Marillion, «Clutching at straws»
4: Eva Cassidy, «Songbird»
5: Beedy Belle, «Cewbeagapic»Fem beste artistar:
1: Prince
2: Sting
3: Steely Dan
4: Eirik Molnes Husabø
5: Eva CassidyFem beste låtar
1: «Putting out fire (With gazoline)», David Bowie
2: «Morning Papers», Prince
3: «Did you forget», Eirik Molnes Husabø
4: «Wonderful World», Louis Armstrong
5: «Beat it», Michael Jackson

2007 Satsernytt og friskt

Satsar nytt og friskt

 

07-FP-nytt-frisk

FLORØ: I år satsar Florø Rockeklubb på eit nytt og spennande program til årets Kystfestival. Årets heitaste festivalband kjem: My Midnight Creeps.
Vi gler oss vilt!, seier styret.

HÅPAR PÅ FULLE HUS: - Vi gler oss vilt, og håpar på fulle hus. Dette er det mest spennande programmet vi har hatt, seier Janne Linn Myren, Per Vidar Ottesen, Roald Hansen, Tor Albrigtsen, Charlotte Nygård, Reidar Brandsberg og Line Sundal i Florø Rockeklubb.
Foto. Regina Bruvik
Firdaposten, 30. mars 2007 av Linda Regina Bruvik
Desse kjem:
My Midnight Creeps
Dance With A Stranger
Hopalong Knut
Lukas Kasha
Alkorock

I år er vi veldig spente. Vi er spenstige og satsar på litt nye band. Det kjem til å bli ei stor publikumsoppleving! lovar Rockeklubb-sjef Janne Linn Myren.
Torsdag frir vi hovudsakleg til ungdommen. Då inviterer vi ein ny generasjon til Haavebua for å oppleve Florø-bandet Alkorock og indierockarane i Lukas Kasha, seier ho.
Lukas Kasha har veldig brei appell, og ryktet seier dei er eit veldig bra liveband, legg bookingsjef Per Vidar Ottesen til.

Ikkje irsk
Fredag er det veteranane i Dance With a Stranger som entrar buascena. Rockeklubben trur dei kan treffe same publikum som tidlegare kom for å høyre irsk folkrock, som dei no har gått vekk ifrå.
Bandet har med seg både blåserekke og kor, og heile originalbesetninga, til Florø-konserten.
Laurdag er scena først reservert det tøffaste bandet Per Vidar Ottesen veit om, Hopalong Knut.

Trønder Rock|
Ska-rockebandet frå Trøndelag består av ni medlemmer, med vokalist Kristin Jensen som syng på dialekt i spissen, og musikken deira har hausta eit utal femmarar på terningane landet rundt.
Dette blir det største oppvarmingspartyet i Florø nokosinne. Hopalong Knut spelar knalltøff musikk, og dei som har sett dei live, seier det ikkje finst maken! Dette blir ei verkeleg oppleving, og folk med ope sinn kjem til å elske bandet, reklamerer Ottesen.

Mørk og kraftfull rock
Årets heitaste festivalband, My Midnight Creeps, avsluttar årets musikkfest. Dette er bandet til Robert Burås frå Madrugada, og deira nyutkomne album Histamin har fått seksarar og femmarar på terningen frå alle platemeldarane.
Dei speler mørk og kraftfull rock, med 60- og 70-talet som inspirasjon.
Når Per Vidar Ottesen skulle undersøke om det var mogleg å booke bandet til årets Kystfestival, fekk han raskt svar frå bandet på e-post:
Vi kjem! Florø treng å bli rocka!
Ottesen meiner laurdagen kjem til å bli den største rockedagen i Florø i historia. Kanskje med unntak av då Waterboys spelte i kystbyen.

 

2007 120 Days

120 Days

07-Kommer-FF-120-days


Fredag, 13. juli 2007

6`ere i fleng av musikkbransjen. To spellemannpriser. Ovasjonar som live-band, fantastiske kritikkar i amerikansk musikkmedia. Og norske musikkjournalistar kåret 120 Days sitt debutalbum som Årets Album. Det har ikkje skjedd sida 1993 at et norsk band har vunne den konkurransen!

Er det rart vi ikkje er så rent lite stolte av å invitere til konsert med rocke-sensasjonen 120 Days under FotballFlora! Var DumDum Boys fjorårets arrangementvinner, er 120 Days årets. I skarp konkurranse med utanlandske og norske festivalarrangører lykkes vi å få de til Florø. Det er klart for rockemagi i Florø.

Se www.120days.no



2007 Vibeke Saugestad

Powerpopsjokk

07-FP-Saugestad

FLORØ: Eit heftig powerpopsjokk trefte 150 betalande i Haavebua laurdag. Og rockedronninga Vibeke Saugestad skuffa ikkje på heimebane.

INTENS: Eg merker eg skulle gått meir på treningssenteret, men det blir for kjedeleg, sa Vibeke Saugestad som gav alt frå scena laurdag.

Firdaposten, tirsdag 13. november 2007 av: Dag Frøyen, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Ho fortalde i forkant av konserten at av alle spelestader var Haavebua i Florø favoritten, og ho tok styring i eige hus.
Hei-hei, dere veit åssen dette fungerer, dere har rocka før! kom det frå Vibeke Saugestad då golvet var tomt i opninga. Ho henta folk frå krokane til scenekanten, og der skulle dei bli.

Konserten opna med den fantastiske «Meant to be with you» frå det siste albumet og fengsla alle som ikkje var sikre på kva dei gjekk til.
For dette var eit prakteksempel på at musikkopplevingar ute har langt fleire fasettar enn det eit opptak vil kunne gi deg. Saugestad gav alt i den
rå «jolly-rocken» frå dei tre albuma sine, og både stemninga og rockedronninga sjølv hang opp under bjelkane i taket. Med eit scenetekke få kan kopiere, og med den mest rå altstemma i landet, gav ho oss ei stor og intens konsertoppleving.
Einaste aberet var at settet var i kortaste laget. Joan Jett- slageren «I love rock n roll» var ekstranummeret som avslutta fyrverkeriet før ho
annonserte at festen skulle halde fram i Kinnkjellaren. Og kva som der skjedde, seier soga ingenting om
Rockeklubben skal uansett ha ros for at dei tenker langsiktig og er på lag med artistane.
Vibeke Saugestad vart booka på bakgrunn av det ho leverte sist, og etter denne kvelden blir det ikkje siste gong ho er på heimebane i Florø.
www.myspace.com/vibekesaugestadmusic  
Og om du lurar på kva Vibeke tykkjer om Florø sjekk ut dette lydklippet frå Reiseradioen:


2007 The Betales

 

The Betales

07-Kommer-FF-Betales

Lørdag, 14. juli 2007
Høy allsang-faktor!
Det norske "Beatles-bandet", Det Betales, har skapt skyhøg trivselsfaktor med sine Beatles- tolkningar under FotballFlora 3 år på rad. Seint laurdagskvelden får de æra av å avslutte årets arrangementar under FotballFlora. Du kan ikkje Let it be å være der!

Konserten spilles i telt mellom Amfi og Slakteriet