Funky folkefest med Pegasus
FLORØ Rockeklubb meiner dei kunne selt dobbelt så mange billettar under Pegasus konserten på Haavebua laurdag. Likevel vil ikkje det populære bandet spele meir enn ein gong i året i Florø.
Det kan hende vi tek feil, og ut i frå responsen så hadde det ikkje skada med ein konsert til, kanskje til påske nemnar Hajlpe og presiserer at det er viktig at dei ikkje skal stjele plass frå andre band.
For Pegasus er rockeklubben si melkeku. Dei garanterer fulle hus kvar gong og konseptet med kjente coverlåtar frå 70-til 90 talet har gått rett heim hos Florø publikummet.
Går du ut for å ha det moro, er det slik musikk folk vil høyre. Vi vil ha det moro sjølv, og legg opp repertoaret til publikum, seier Hjalte. Han vegår at dei kuttar låtar som ikkje fyller dansegolvet.. Det gjorde dei på kvart nummer laurdag.
Silkerøystene til Janne Linn Myren og Annika Myklebust er så forskjellige, men utfyller kvarandre på ein glimrande måte.
I år hadde dei mellom anna lagt til balladen "Ain't no sunshine when she's gone", Tom Jones sin "Sex bomb" DeLillos' "Kokken Tor" i tillegg til tidlegare sikre vinnarar. Eit repertoar spent mellom AC/DC og Bjørn Eidsvåg er for å sitere sistnemnde, "Alt du vil ha" om du skal ha det moro på by'n.
Dag Frøyen / 57 75 73 16 /
VOKALT: Vokalistane Janne Linn Myren (t.v) og Annika Myklebust imponerer på kvar sin måte i front for Pegasus. (Foto: Dag Frøyen)
ESKORTE: Erlend Eidsvik spelar i det homo-erotiske bandet "Turbostipend" i tillegg til Pegasus.
Turbostipend er rein prostitusjon, dette her er meir ei eskorte teneste for min del, fortalde Eidsvik laurdag. (Foto: Dag Frøyen)
STINT: Det var fullt hus og fullt dansegolv frå 23.00 til 02.00 på den årvisse Pegasus konserten på Haavebua laurdag. (Foto: Dag Frøyen)