2002 Turbistipend

Turbostipend 26. oktober  I turbofart gjennom 80-talet

281002_Turbostipend-FPDet var høg transvestitt-faktor då 80-tals bandet Turbostipend entra scena på Haavebua laurdag. 160 publikummarar fekk gjenoppleve dei aller største hitane frå dette tiåret, presentert med det bandet sjølv kallar eit "homo-erotisk sceneshow".

Cd-spelaren varma opp med ei knippe låtar frå den aktuelle tidsepoken, og det var stor stemning allereie før bandet entra scena. Bandet trekte alt frå dresskledde 50-åringar til utkledde 80-talls fantastar i alle aldrar. Ein fekk gjenoppleve både pub-til-pub-sko, gutar med sminke og langhåra parykkar, dressjakker med store skulderputer, kvite tennissokkar, kreppa og tupert hår, leggvarmarar og Hawaii-skjorter.
Bandet opna det heile med den gamle hiten "You give love a bad name" og derifrå skaut stemninga i taket.
Ein skulle nesten tru at Florø hadde fått besøk av dei ekte musikkheltane frå denne epoken, når ein såg kor folk tok av til musikken. Vokalisten vart behandla som ei ekte superstjerne, og blei både klådd på og forsøkt avkledd av jentene.

Spelelista inneheldt songar av blant andre Cindy Lauper, Dire Straits, the Kids, Madonna og Michael Jackson, og musikalsk var det høgt nivå på prestasjonane til Turbostipend. I tillegg var det eit imponerande energisk sceneshow, og gutane sjarmerte og bergtok florøværingane frå låt til låt, gjennom heile 80-talet. Når ikkje lighteren vogga i takt med balladen, så løfta folk armane og rocka meir eller mindre taktfast og spedde på med gledesrop som høyrer ein skikkeleg konsert til.

Tor Hjalte, leiar i Rockeklubben, var fornøgd med kvelden, men meiner ein del folk gikk glipp av ei oppleving:
Vi slit litt med å trekke folk når vi har relativt ukjende namn på plakaten.
Og fortvil ikkje, du som no skjønar at du gikk glipp av noko i helga og angrar bittert på at du ikkje tok turen:

Det kan godt hende Turbstipend kjem tilbake ved eit seinare høve. Det er sikkert mange som kunne tenkt seg å være med på ein slik mimrefest, og no spreier jo ryktet om bandet seg, seier Hjalte.

Linda Bruvik,  Firdaposten

281002_Turbostipend-FP
Vokalisten vart behandla som ei ekte superstjerne, og blei både klådd på og forsøkt avkledd av jentene  Foto: Dag Knapstad