2002 Terje Tysland

Terje Tysland i gamal stil

161102_Terje_Tysland

Terje Tysland sto på scena i Haavebua laurdag og framførte gamle og nye låtar som perler på ei snor. Men for å seie det slik: Vi har opplevd større trøkk frå trønderen.

Terje Tysland (Foto: Dag Knapstad)

Vi skal berømme arrangøren, MC-klubben og Rockeklubben, for at dei prøvde å skape god, gammaldags Tyslandstemning i Florø. Berre så synd at hovudpersonen sjølv ikkje har greidd å stable på beina eit band som kunne gjort festen meir fullkomen.

For det er her kritikken ligg: Musikken til Terje Tysland krev litt meir fylde, og då må det stillast eit meir komplett band. Å komme med ein trommis og ein bassist som einaste utgiftspost, blir for tamt. Ja, sjølv om Tysland i tillegg trakterer el-gitar og trekkspel betre enn mange, blir det tamt og trøkklaust med så få medlemmer i bandet. For det er ikkje akkurat visesong Tysland er kjent for, verken som soloartist eller frå tida i Prudence.

Likevel såg det ut til at dei kring 200 betalande publikummarane stortrivdest på Haavebua laurdagskvelden.

Det kom nok også av at Tysland ikkje svikta når det gjaldt repertoar. Dansegolvet var i alle fall fullt heile tida, og mange var nok våte både av sveitte og anna då dei gjekk heim etter tre timar med "Halleluja", bøn til kelneren om meir øl og songar om og til heimbyga.

Han er tru både mot publikumet sitt og dei gamle låtane sine. Spesielt er han i sitt ess når han dreg opp av hatten sin dei "ukristelege" tekstane og dei mest "harry" fylle-rulle-låtane hoj, hoj, ramtamtata...

Etter det vi forstår likte Terje Tysland å spele i Florø, og vil gjerne kome tilbake til byen ved eit anna høve. Då bør arrangøren tipse han om at bandet bør utvidast til i alle fall eitt medlem til sånn for trøkket sin del.

Jan Atle Stang
57 75 73 09
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

161102_Terje_Tysland

. (Foto: Dag Knapstad / Frøyen)

161102_Terje_Tysland
Terje
(Foto: Dag Knapstad