2002 Fabel

Trivelege fablar på ein tysdag

FabelStor

FLORØ: Det såg ut som dei hygga seg, dei 100 som benka seg på Haavebua tysdagskvelden for å få med seg det kritikarroste bandet Fabel sin konsert i Florø.

Magnhild Hauge

Rockeklubben hadde nok håpa på litt fleire betalande enn dei 75 som løyste billett, men dei som var der, uttrykte glede over å ha trassa snøbyer og vindkuler for å få med seg konserten. I alle fall var det ein bra framgang frå sist Fabel vitja Florø.

Sist vi spelte i Florø selde vi fleire cd-ar enn det var folk på konserten, mimra låtskrivar og vokalist Odd-Erik Lothe til eit humrande publikum.
Ifølgje Odd Erik Lothe er det visemusikk i populærmusikalsk utgåve eller: Pop inspirert av platesamlinga mi.

Fabel sin klang får ein til å tenke nokre år tilbake, då somrane var solfylte og ein bada kvar dag heile sommarferien. Denne kjensla blir sjølvsagt ekstra sterk under låta "Dagdraumereise", som handlar om vokalisten sin lukkelege oppvekst i Kjølsdalen. Vi treffer også på han når han for første gong er ute i verda på eiga hand, og møter annleis-snakkande folk. Heilt til Stårheim og sommarjobb i ein jordbæråker har turen gått, og unge Lothe høyrer polsk for første gong.

Fabel sin nydeleg klang, festlege tekstar og Odd-Erik Lothe sitt småprat, utgjorde ein miks som var lett å la seg sjarmere av.
Sjølv meiner eg ein må ha nærleik til det stoffet ein skal skrive om, sa han blant anna frå scena, og understreka at han hadde tru på sannferdig lyrikk.
Og fekk publikum sin heile og fulle medynk med låta "Kvinnesinnegåta" der han knapt tør heve blikket i angst og "beven" for at det skal vere dråpen som får begeret til å flyte over
Publikum tødde opp og forlangte sjølvsagt ekstranummer, og på det første ekstranummeret "Sjalusi" fekk saksofonisten Laila Beathe Førde vist fram ei utruleg stemmeprakt. Så var det nesten slutt, før Fabel kom på scena endå ein gong og avslutta med voggesongen for nesten vaksne menn.