De Lillos leverte |
FLORØ: Frå det sekundet deLillos starta å spele til dei gjekk av scena over to timar seinare, var det fullt trøkk og allsong på Haavebua. |
|
Laurdag fekk Florø-publikummet oppleve ein klassisk deLillos-konsert der slagarane kom ein etter ein som perler på ei snor: "Min baby drog av stad", "Neste sommer", "Smak av honning", "Kokken Tor" og alle dei andre kjende og kjære songane. Bandet spelte i tillegg ein del nye songar frå albumet som kjem om ein månad, men Lars Lillo-Stenberg skjønte fort at publikum helst ville ha kjende songar som dei kunne syngje med på. Bandet heldt på i imponerande to og ein halv time, og publikum rocka og song med heile vegen. Det imponerte sjølvaste Lillo-Stenberg. "Eg likar meg verkeleg her!" meddelte han publikum over mikrofonen. deLillos-gutta fengde publikum frå første låt og heldt trykket gåande like til konserten var over. Men publikum gav seg ikkje med det, bandet vart kalla tilbake for ekstranummer og vill jubel. Florø er heilt tydeleg ein deLillos-by, og bandet har vore her fleire gonger tidlegare. Bandet ønskte sjølv å komme tilbake til byen, og nølte ikkje då Roceklubben inviterte dei til jubileum. Konserten denne laurdagen var utseld fleire dagar på førehand, og etter ein slik suksess blir det nok ikkje lenge til bandet kjem attende til Haavebua. Firdaposten. 11.10.2003 Linda Regina Bruvik |
Frå det sekundet deLillos starta å spele til dei gjekk av scena over to timar seinare, var det fullt trøkk og allsong på Haavebua Foto: Dag M knapstad Dette er skrevet om 10 års jubileet
|
Postboks 520, 6901 Florø
Tlf: 40 40 20 05, E-post:
© Linken