2006 Aldri jul utan Pegasus

Aldri jul utan Pegasus

Romjul etter romjul trekk Florø/Svelgen-bandet Pegasus fulle hus på Haavebua, og i år var ikkje noko unntak. Dei lokale musikarane serverte ein hitparade av dei sjeldne.

Firdaposten 29. desember 2006 Av: Linda Regina Bruvik

05-FP-Pegasus

PEGASUS: F.v. Jørn Lasse Refsnes, Annika Myklebust, Erlend Eidsvik, Tor Hjalte og resten av medlemmene i Pegasus skapte stor stemning på Haavebua.  Fredag står konsert på Svelgen Samfunnshus for tur.  Alle foto  Linda Regina Bruvik

Rockeklubben sin årlege tradisjon med Pegasus- konsert 2. juledag er ein garantert suksess, og det lokale bandet har drege fullt hus og hatt utsolgte konsertar mange år på rad. I år vart det ikkje noko unntak.
Med sin hitparade frå 80- og 90-tallet, som spant seg frå DeLillos og Dum Dum Boys, via svensk ballade, rock n' roll og funk og heilt til afrikansk tradisjonsinspirert populærmusikk, leverte dei nøyaktig det publikum ville ha og enda litt til. Dansegolvet var fullt frå første akkord, og det villige konsertpublikummet fekk trimma av seg dårleg samvit, ribbefeitt og julekaker. For dei som ikkje lot seg freiste av dansegolvet, var det uansett vanskeleg å hindre den rytmiske rykkinga i rockefoten. Høg partyfaktor, høg kvalitet på prestasjonane og høg stemning og sjarmfaktor på scena gjorde sitt til å spikre kvelden som ein stor suksess.
På førehand hadde Tor Hjalte lova stinn, sveitt brakke og kjempestemning, og forsikra om at å kjøpe seg billett til den heseblesande hitparaden var det mest fornuftige ein kunne gjere i jula.
Fleire hundre tok han på ordet, og feststemte konsertgjestar og eit like oppstemt band skapte saman ein elektrisk partystemning måndag kveld. Berre synd for dei som ikkje fekk seg billett, men dei får prøve att neste romjul. Det er verdt kvar ei krone.

Linda Regina Bruvik
Tlf. 57 75 73 14
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

05-FP-Pegasus 05-FP-Pegasus
Sterke vokalist: Annika Myklebust og Janne Linn Myren imponerte som vanlig med seterke vokal presentasjoner. ROCKAREN SJØLV:  Rockeklubb sjef og Pegasus medlem Tor Hjalte