2006 Byr på bakgårds-rock

Byr på bakgårds-rock
Rockeklubben tek musikkfestivalen utomhus

Tor Hjalte og Florø Rockeklubb kryssar fingrane for godver, og satsar på heile tre utandørskonsertar under sommarens musikkfestival.

Firdaposten 14. mars 2006 Av: Svend Arve Vee

06-FP-bakgardsrock

BLIR PERFEKT: Eg har stor tru på dette området som konsertarena. Bygningane står tett, og her kan vi skape ein tett og god atmosfære 15. til 17. juni, seier rockeklubbleiar Tor Hjalte. Foto: Dag Frøyen

Store delar av programmet er no klart, og årets utgåve av musikkfestivalen har ei bra blanding av "gamle travarar" og nye namn som bør fengje eit yngre publikum. Det blir også ei blanding av innandørs- og utandørskonsertar.
Det heile sparkar laust torsdag 15. juni. Då byr Åge Aleksandersen og Sambandet på utekonsert i bakgården ved Quality Hotel. Dagen etter er det duka for comeback frå superveteranane i The Dubliners. Også denne konserten går utandørs ved Quality. Same kvelden blir det damenes aften på Haavebua-scena, med jentebandet The Bridies frå Irland. Laurdag har rockeklubben sikra seg eit solid ungdomsplaster. Då blir det utandørs rap-fest med Ravi & DJ Løv.
Kven som skal fylle Haavebua og lage feststemning på avslutningskvelden laurdag, er førebels ikkje klart, seier Tor Hjalte i Florø Rockeklubb, som sjølv held ein knapp på Ravi & DJ Løv som årets musikalske høgdepunkt.

Nytt konsept
I år er ramma kring festivalen heilt forandra.
Sjølvsagt er det dristig å satse på tre dagar med musikk utandørs i Florø. Men vi kryssar fingrane, seier Hjalte.
Ideen med å prøve seg i hotellbakgården dukka faktisk opp i fjor, då Kurt Nilsen-konserten heldt på å strande fordi scenemåla inne på Haavebua var for små for Idol-stjerna. Då kom lydmann Trond Øyre opp med forslaget om å flytte heile arrangementet ut i bakgården, som han meinte ville vere ein ideell plass, også lydmessig.
No ordna det seg i siste time for Kurt Nilsen, men vi har ikkje sloppe taket i den gode ideen. No prøver vi den ut, så får vi sjå korleis det fungerer, seier Hjalte.
Scena vil få ryggen mot kjøkendelen av hotellet, og artistane spelar i retning mot politistasjonen. I enden vil det bli sett opp eit lett gjerde, og her vil også kome eit telt.
Området er skreddarsydd for slik bruk. Under Ravi-konserten kan dei som er gamle nok og som ønskjer det, få servering innandørs, medan det blir heilt alkoholfritt utandørs, seier Hjalte.

Rundt 600
Plassen ein skal bruke er på rundt 750 kvadratmeter, og med solide rømmingsvegar med breidd på seks-sju meter, trur ikkje Hjalte det er problem med å få løyve til å ta inn både 800 og 900 mennske.
Men meir realistisk er det kanskje å leggje opp til rundt 600. Det er uansett monaleg meir enn ein får plass til inne, seier Hjalte.
Kva gjer du om regnet pøsar ned?
Nokre sjansar på ein berre ta. Dessutan er det ikkje lenger mellom bygningane enn at det går an å prøve seg med litt presenningar, trur rockesjefen.

Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
908 47 465