2007 Hopalong Knut

Hopalong Knut

07-Kommer-Hopalong-Knut

Lørdag, 15. juni 2006

Ska-rock bandet Hopalong Knut blir av mange omtalt som eit av landets beste live-band! Trønderane har dei siste åra turnert land og strand og er spesielt populære i studentkretsar. Dei har gjeve ut to plater; 'Feilkalibrert tidsmaskin'(2005) og 'Evolusjonens trøst'(2006). Dei syng på dialekt, og tekstane er artige og filosofiske. Bandet består av ni personar; Ein vokalist, ein gitarist, ein bassist, ein keyboardist, ein trommis og fire blåsarar. Alle som har sett Hopalong Knut tidligare, kan skrive under på at dette er et band som ikkje sparar på krutet på scena. Det er lett og naturlig å bruke vokalist Kristin Jensen som sjølve kroneksemplet, dyktig, energisk, utadvendt og smilande. Ho har ein karismatisk scenepersonligheit som kan lyse opp eit rom aleine. Men så er ho så absolutt ikkje aleine. Ho har åtte andre likesinna med seg, som boblar av entusiasme og rein speleglede.

Sjå også www.hopalongknut.no