2015 Violet Road

Violet Road til Haavebua Lørdag 20 juni 2015

vr

FLORØ: – Det er med stor glede vi presenterer Violet Road på Haavebuai forbindelse med Himmel og Hav helga..

Firdaposten av : Liv Standal, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den., 992 94 623

Det seier Tor Hjalte i Florø Rockeklubb.

Violet Road er det første namnet som er klart til Himmel & Hav-helga, og i følgje Hjalte var det ingen lett jobb å lande dei.

– Dette er eit av dei desidert mest etterspurde banda i Norge for tida. Dei har lagt bak seg eit 2014 med høg konsertfrekvens og strålande kritikker i kjølvatnet. Konkurransen er knallhard for å tak i dei i år, så det er med stolthet vi kan bekrefte dei til årets Himmel & Hav, seier ein stolt Hjalte.

Det Kåfjord-baserte bandet gav ut sitt første album i 2008, men det var først med albumet «Back to the Roadshow» i fjor at dei verkeleg slo gjennom. Mellom andre Dagbladet trilla ein femmar på terningen og slo fast at «samtlige låter fortjener hvert eneste minutt de er blitt tildelt.»

Bandet sjølv meiner at alderskilnaden på 16 år frå den yngste til den eldste av dei fire brørne Rundberg, som utgjer fire av fem bandmedlemmer, har vore essensielt for å skape bandet sin sound. Aldersspennet gjer at dei er forma av ulike musikktradisjonar, og dei vågar å leike med desse erfaringane når dei lagar musikkk saman.

Laurdag 20. juni kjem dei for å sette Haavebua på hovudet med «popmusikk du umiddelbart kjenner deg heime i», som bandet sjølve uttrykker det.

Bandet passar etter vår oppfatning som hand i hanske til vårt publikum. Det skal òg seiast at band og management likte svært godt konseptet rundt Himmel & Hav med sild, rock og Kinnaspel. Vi gler oss som ungar! erklærer Tor Hjalte.