2014 Tupelo - Blomster Hagen

 Tupelo er Klare for Blomsterhagen

Tupelo p  Hagen 5625180a1

 Lørdag 23. August kl: 22:00 

 

Med energiske James Cramer som frontfigur har irske Tupelo fått mange vener i Florø og Bremanger siste par åra. Laurdag kan du høyre dei på Blomsterhagen i Florø, og førehandssalet av billettar er allereie gang. Foto: Svend Arne Vee

Fra Firdaposten: v/Svend Arne Vee

Dei har spelt på Himmel & Hav og dei gjorde idylliske Vetvika om til ein magisk stad i sommar. No kjem Dublin-gjengen Tupelo på det som truleg blir årets siste florøvitjing.

Veks seg store

Det er tre år sidan Florø rockeklubb henta irske Tupelo til Florø for aller første gong. Då hadde ein via irske managerar innan den nye folkrockscena fått tips om den framstormande gjengen og potensialet deira. Sidan den gongen har det blitt fire besøk i regionen vår, hyppige album- og singelutgjevingar, og store konsertjobbar over heile Europa, inkludert ein storkonsert i Dublin for nesten 50.000 tilskodarar.

For dei som ikkje har sett eller høyrt James Cramer, Kevin Duffy og resten av den energiske gjengen, så får dei sjansen på Blomsterhagen laurdagskvelden. For alle andre som har fått låtar som «Irish Man», «Old Country» eller «Me and my Brother», på hjernen siste par åra, så er det berre å gle seg og stille på Blomsterhagen. Førehandssalet av billettar er allereie i gang.

https://www.youtube.com/watch?v=W_xdOW3WenU