2019 Himmel & Hav

2019 Himmel & Hav - Na Fianna
Liv Standal Firdaposten Publisert: 12. mai 2019

Ciaran Finn, James O'Connor, Peter McMahon og Hugh Finn utgjer Na Fianna. No kjem dei til Florø igjen. Foto: Patrick O'Leary

Ciaran Finn, James O'Connor, Peter McMahon og Hugh Finn utgjer Na Fianna. No kjem dei til Florø igjen. Foto: Patrick O'Leary

FLORØ: Og eit velkjent florøansikt kjem heim ein tur for å vere konferansier.

Himmel og Hav-helga er i rute, med litt endringar. Men klokka halv sju fredag 21. juni vil bordet vere dekka og klart for innrykk, slik tradisjonen tilseier, det har arrangementskomiteen bekrefta på Facebook-sida si. Derimot blir det ikkje konsertar på Haavebua i regi av Florø Rockeklubb i år, bekreftar Per Vidar Ottesen frå Rockeklubben.
Ikkje musikk på Haavebua, men over alt elles

– Det vart underskot for oss i fjor, det er vanskeleg å trekke folk til Haavebua no. Men det blir musikk i teltet på Kolkaia, og fleire andre stader.

Nokre hugsar kanskje Na Fianna, som gjesta byen for to år sidan.
Per Vidar Ottesen, dagleg leiar i Norwell og styreleiar i Florø Rockeklubb.

Per Vidar Ottesen, dagleg leiar i Norwell og styreleiar i Florø Rockeklubb. Foto: Anne Marit Seljeseth

Dei skal spele på Sildebordet, og også laurdagen på Laksens Dag i teltet ved Bistroen. Vi har også booka eit band som heiter Adrian + Meredith.

Ottesen beskriv dei som "eit skikkeleg partyband" med ein miks av folkrock, country, punk og sigøynarmusikk, og dei blir også å høyre både i gata og i teltet. Og dessutan får vi for ein gong skuld høyre lokale Pegasus utanfor "sesongen" - som jo tradisjonalt er romjula. No stiller dei med full blåserekke og blir 12 stykker på scenen.

Tanken er at banda skal følgje folk der dei er, så Ottesen utelukkar ikkje at dei også kan dukke opp andre stader.
Ciaran Finn, James O'Connor, Peter McMahon og Hugh Finn utgjer Na Fianna. No kjem dei til Florø igjen.

 

– Så sjølv om det ikkje blir noko på Haavebua, så kompenserer vi med at det skjer mykje andre stader. Og sjølvsagt håpar vi på sol og strålande vêr, for vi skal lage folkefest! sprudlar Ottesen.