2013 Raggle Taggle Gypsies

Irsk-argentiske Raggle Taggle Gypsies

tagg

Det har gått nokre år sidan Raggle Taggle Gypsies var på Florø besøk. Det irske bandet har spelt i kystbyen fire-fem gonger tidlegare; første gongen som oppvarming for The Dubliners i 1996.
– Både bandet og vi i rockeklubben har ønskt oss ein gjenvisitt, og denne gongen klaffa det, seier Per Vidar Ottesen i Florø Rockeklubb.
Bandet har fyllt Haavebua fleire gonger tidlegare, men denne gongen var det uråd å finne ein dato der bua var ledig og bandet hadde tid. 
– Difor køyrer vi konserten på Blomsterhagen som ein utekonsert. Vi har kapasitet til å selje mellom 150 og 200 billettar der, så folk må hive seg rundt om dei vil få med seg konserten. Billettsalet er allereie godt i gang, seier Ottesen.

Raggle Taggle Gypsies spelar irsk tradisjonsmusikk slik florø folk veit å setje pris på. Det såg ein seinast på Himmel & Hav då den irske kvelden på Haavebua trekte over 600 besøkande. Det irske bandet har teke namn etter ein tradisjonell folkesong frå grenseområda sør i Skottland, som særleg Waterboys gjorde kjend på ei av platene sine.
Kevin O’Connar og resten av bandet har vist seg svært slitesterkt, og dei kjem til Florø for å lage irsk fest med nøyaktig same besetning som då dei debuterte her i 1996.