2017 Lovar irsk musikk

Firdaposten  27. Januar 2017 - av charlotte ottesen

Tor Hjalte, Per Vidar Ottesen og Geir Høyvik (f.v.) lovar irsk musikk også til årets Himmel og Hav-festival. (Foto: Charlotte Prydz Ottesen)

Det er i alle fall karane i Florø Rockeklubb samde om. Tor Hjalte, Per Vidar Ottesen og Geir Høyvik er godt i gong med planlegginga til årets Himmel og Hav-festival og også i år lovar dei deg irske tonar.

Irsk nettverk

Dei siste åra har festivalen hatt besøk av irske band som Tupelo, Drops of Green og The High Kings. Slikt blir det kontaktnettverk av, og det er Darren Holden i The High Kings som har sett dei i kontakt med årets første booking, nemleg Dublin-baserte Na Fianna.

Na Fianna består av fire irar, og musikken dei speler er ei blanding av eigne låtar og dei kjende, irske klassikarane. Du skal med andre ord få synge med på dine irske favorittar også i år.
– Vi må alltid ha med det irske, det blir nesten ikkje festival utan, seier Geir Høyvik.
– Ja, sildebord og irsk musikk høyrer på ein måte saman no, kjem det frå Per Vidar Ottesen.

«The Florø experience» 

Men for gjengen i Rockeklubben held det ikkje å berre booke Na Fianna for éin dag.
Dei har sikra seg dei irske gjestene frå torsdag til søndag:

– Dei må jo få «the full Florø experience», ler dei.
No som det irske alibiet er sikra, planlegg dei programmet vidare. Kva dei har i ermet vil dei ikkje ut med riktig endå, men rockegjengen lovar at florøpublikummet kan gle seg til noko spennande og annleis.

– Dersom ting no går som vi vil, så trur vi dette blir ein klar høydare for festivalen, avsluttar Hjalte.