2003 Pegasus 26. des

Pegasus - Skreddarsydd kjempestemning

261203 Pegasus vokal
LIV: Vokalistane Janne Linn Myren (t.v) og Annika Myklebust og resten av det røynde mannskapet i Pegasus sørgde for kjempestemning frå første akkord på Haavebua 2. juledag. Foto: Dag Magne Knapstad

FLORØ: Ikkje uventa var Pegasus-billettane mykje verdt 2. juledag. Det var tidleg fullt hus, og rockeklubben sitt eige band Pegasus skuffa ikkje.

2. juledag er ein av Pegasus sine faste, men for sjeldne konsertar i Florø. Slagarar frå 80- og 90-talet tetta dansegolvet som ein membran frå første akkord. Fleire vi var i kontakt med hevda bastant at Pegasus overgjekk originalane frå scena denne gongen. Med eit stort innslag av Florøfolk heime på juleferie vart mimringa på sett og vis levande. Hits og andre godlåtar frå dei to siste tiåra gjorde at vi var vitne til ei "absolute" plate med musikk frå ungdomstida til dei fleste festkledde i saltebua denne kvelden. Pegasus viste også at dei klarar å fornye seg. Sjølv om dei ikkje har hatt all verda av tid til øving på førehand, trilla den nye hit'en ut etter den andre. Det vitnar om musikalsk kompetanse.

Erlend Eidsvik som vanlegvis gøymer seg bak tangentane, utfylte jentevokalane då han tok tøffe tak i pyjamas og var Lars Lillo i sjel og sinn. Likevel er jentene i front det som skil Pegasus frå andre coverband.

Høgdepunktet denne gongen var "It's raining men" med "The weather girls".

Dag Frøyen
Telefon: 57 75 73 16
Mobiltelefon: 916 08 361
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

261203_Pegasus
TØFF: Erlend Eidsvik som også speler i kultbandet Turbostipend fekk nyte rampelyset under mellom anna "Tøff i pyjamas" av deLillos. Foto: Dag Magne Knapstad