2004 Vibeke Saugestad

Vibeke Saugestad slår til igjen

Kommer-04-Twistaroos-FP
Skal du henge med i frøken eigenrådig, Vibeke Saugestad, sine musikalske hamskifte, skal du vere noko til kar. Eller dame.
Firdaposten 22.01.2004 Av: Svend Arne Vee

For mindre enn eitt år sidan hang Vibeke Saugestad som ei trost i taklampa og rocka ei stappfull Haavebu med "99 Luftballons" som siste ekstranummer. Då hadde rockdronninga frå Moss gjennomført det mange meiner er den beste konserten som nokon gong er spelt i Florø. Då skulle ein tru at artisten raskast mogleg ville prøve å blåkopiere suksessen men slik er berre ikkje Vibeke Saugestad.

No har soloprosjektet fått kvile, og Vibeke kjem med eit heilt nytt band til Florø førstkomande helg. Namnet er The Twistaroos, og frontfiguren har for sikkerheits skuld også skjult sitt eige namn bak artistnamnet "Miss Goodvibe". I lag med The Twistaroos lovar ho høg partyfaktor, og oppi rockegryta putrar ei salig blanding av soul, rock'n roll, r&b, twist og 60-tals surfmusikk.

Stilendringane har nesten blitt ein stil i seg sjølv for mossejenta. Som tenåring fronta ho bandet Weld. Med langt, hennaraudt hår, gravrøyst og "Crown Imperial Song", redefinerte ho norsk rock. Men snart forlet ho det som kunne vekse seg stort, til fordel for rockebandet Thelyblast. Berre eit år seinare kom det meir stillferdige Thinkerbell-prosjektet, saman med Jørn Christensen (Can-Can, Mercury Motors). Saugestad har alltid gått sine eigne vegar, og i 2001 kom den første tunge solosatsinga med "Into the shimmering". To år seinare var det igjen nytt plateselskap og ny soloplate, "Overdrive".

Uansett stil, form, farge og medspelarar: Vibeke Saugestad sin posisjon som norsk rocks førstedame er klar. Den som ikkje fekk med seg Saugestad under rockeklubben si jubileumshelg, bør definitivt finne vegen til Haavebua denne gongen.